Utstyr og programvarer for nettstudentar
Før du startar på eit studium med nettsamlingar må du sjekke at du har det som trengst av utstyr og programvare.
Sjekk emne- og studieplanen og den praktiske informasjonen for kvart studietilbod for å finne ut kva læringsverktøy du skal bruke som nettstudent.
Canvas er det digitale læringsmiljøet til Høgskulen i Volda, og alle studentar skal bruke dette programmet. I Canvas legg undervisningspersonalet ut innhaldet i kurset, og dei kan også presentere fagstoff i tekst, lydfil eller video der. Det er og mogleg med studentaktivitetar der, som til dømes diskusjonstrådar, quizar, samskrivingsvertøy eller andre verktøy for å variere undervisninga.
Merk at studentar med Feide-innlogg på arbeidsplassen sin, må huke av for "Høgskulen i Volda" før innlogg med Feide til Canvas.