Oppmelding / avmelding / sjukdom ved eksamen
Studentar med aktiv studierett melder seg til ordinær og utsett eksamen i Studentweb som ein del av semesterregistreringa. Frist for oppmelding og registrering kjem fram av Viktige fristar.
Oppmelding til utsett eksamen (kontinuasjonseksamen)
Studentar som ikkje kan melde seg til eksamen i Studentweb, melder seg ved å fylle ut skjema her. Merk at du kan melde deg til fleire eksamenar i same skjema. Frist for oppmelding kjem fram av skjema og kalender for studieåret.
Avmelding frå eksamen
Avmelding innan fristen
Du kan sjølv velje å trekke deg frå eksamen i Studentweb inntil 2 veker før eksamensdato. Du finn den nøyaktige datoen for trekkfrist i Studentweb.
Trekk etter fristen
Avmelding eller trekk etter fristen vert rekna som eitt forsøk. Trekk etter fristen vert registrert som ikkje møtt/ikkje levert, og gir ikkje utløysande rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen).
Dersom du leverer trekkskjema til eksamensvakt på skriftleg skuleeksamen, eller brukar «lever blankt»-knappen på heimeeksamen, reknast dette som avbrudd under eksamen. Ved avbrudd under eksamen brukar du eit eksamensforøk, men får rett til kontinuasjonseksamen i påfølgjande semester.
Du kan lese meir om kva som gir utløysande rett til kontinuasjonseksamen her.
Sjukdom ved eksamen
Dersom du er sjuk eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du få godkjent gyldig fråvær dersom du leverer legeerklæring eller annan gyldig dokumentasjon til eksamensteamet. Du sender dokumentasjonen for fråver på eksamen inn via skjema, her. Dersom du ikkje får levert dokumentasjon på gyldig fråvær seinast første virkedag etter eksamen, må du kontakte eksamensteamet for å gi beskjed om dette, og kva tid du forventar å ha dokumentasjonen klar.
Når du får gyldig fråvær brukar du ikkje eit eksamensforsøk, og du kan søkje om utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) påfølgjande semester.
Kontinuasjonseksamen er ein eksamen som vert arrangert for deg som er sjuk eller har annan gyldig grunn for fråvær på ordinær eksamen. Kontinuasjonseksamen vert normalt arrangert rundt 40 på haustsemesteret og rundt veke 10 på vårsemesteret, men det kan vere avvik. Når dato for kontinuasjonseksamen er bestemt vert den publisert i Studentweb og i eksamensplanen. Dersom eit emne har eksamen kvart semester, kan studentar med gyldig fråvær bli vist til neste ordinære eksamen.
Dersom du har spesielle behov ved eksamen, kan du innanfor våre gitte fristar søkje om tilrettelegging. Dersom det oppstår eit behov for tilrettelegging etter at søknadsfristane er ute, kan du lese om akutt søknad om tilrettelegging av eksamen her.
Finn du ikkje informasjonen du treng?
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | [email protected]
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08:00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset
Les meir om opningstider, adgangsrettar m.m. på campus her.