Vil formidle historiefaget vidare
Marte er frisør, historiestudent og friluftsentusiast. Ho har alltid vore gripen av tida som har vore. Det var vikingtid og middelalderen som fengde Marte mest i starten, men no har historie- interessa utvida seg i alle retningar.
– Interessa for historiefaget har eigentleg alltid vore til stades, og no er det historie som rører ved politikk, samfunn og sosiale forhold som interesserar meg mest.
Då Marte tok til på historiestudiet håpa ho på å få eit innblikk i fortida, og kunnskapar som er viktige og nødvendige fundament for å forstå endringar i notida.
– Eg tok hovudsakleg til å studere historie i Volda for å kunne bruke det i undervisningssamanheng. Eg har eit mål om å arbeide med å formidle historiefaget vidare til andre.
Marte fortel at historiestudiet har vore svært givande, variert og gitt gode moglegheiter til å fordjupe seg i dei felta ho har interessert seg for.
– Eg valde å fordjupe meg i spansk historie og globalhistorie. Det var eit svært spennande felt å dykke djupare i.
I tillegg til å vere interessert i tida som har vore, er Marte ein skikkelig friluftsentusiast.
Volda er jo eit eldorado for fjell og naturentusiastar, så det er ikkje tvil i at eg har kosa meg med den fine naturen i studietida.
Aktuell for samfunnsutviklinga
Men etter ein bachelor i historie var ikkje Marte metta. Ho har nemlig valt å gå vidare på masterstudiet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda.
– Grunnen til at eg valde å gå vidare på masterstudiet Kulturmøte, er at det er svært godt eigna til å bygge vidare på det fundamentet eg har bygd opp gjennom bachelorgrada. Kravet til lærar vert også berre høgre, og då må eg fylgje med i utviklinga for å vere mest mulig aktuell i ein tilsetjingsprosess.
Marte har nett starta på masterstudiet i Kulturmøte, men ser allereie verdien av det.
– Masteren er interessant og viktig. Eg tenkjer også at masteren gir ei breiare forståing for alt slags arbeid med andre menneske, og er svært aktuell for slik samfunnet vi lever i utviklar seg.
Tekst: Victoria Røren