VEKA 2010 slepper programmet neste laurdag!
Frå 13. til 23. oktober går VEKA 2010 av stabelen i Volda.
VEKA har vore arrangert omtrent kvart år sidan 1985 av studentar og lokale eldsjeler på frivillig basis.
Møt opp på Rokken neste laurdag, 11. september og få med deg sleppfesten.
PR-ansvarleg Jonas Østvik røpar allereie at Lars Vaular, Jesse Jones og Tommy Tee står på programlista, så vi ventar i spenning for å høyre kva resten blir.
25 år i år
Frå www.veka.no: "I år feirar festivalen 25 år, og vi vil difor arrangere ein større festival enn tidlegare, med eit breiare kulturtilbod.
Vi vil ha ein lengre festivalperiode med arrangement som vil inkludere studentane og lokalsamfunnet.
Det skal vere ute- og inneaktivitetar, og kulturopplevingar med m.a, revy og konsertar."