Val av studentar til HVO-styret

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Nominasjon

– No er det viktig å få nominert motiverte studentar til valet. Fristen for å nominere er måndag 26. september. Vi tar med nominasjonssetlar slik at studentane kan nominere når vi kjem til klassane, seier Per Johan Ramsli.

eb9d7556c13bc483c95944db72f7a3dfafdd25f2

Per Johan Ramsli og Sunniva Bolseth.

Ei verdfull erfaring

For Sunniva Bolseth har arbeidet i styret vore svært gjevande og lærerikt.

– Styrearbeidet har gjeve meg større innsikt i korleis ein stor organisasjon som HVO og samfunnet elles fungerer. I styret er der mange kunnskapsrike folk eg har lært mykje av.  Eg føler at eg har vore med på å påverke i saker som er viktig for studentane. Styrearbeid gjer seg også godt på CV’en, seier ho.

Meir info finn du på Valstyret sine sider.

Del på