Studentundersøking: Studentane godt nøgde med læringsmiljøet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Målet med undersøkinga har vore å avdekke korleis studentane ved HVO opplever studiekvardagen sin. LMU har også bedt studentane om å få innspel på kva tiltak studentane meiner er viktige for å betre studentkvardagen.

Informasjon om og frå HVO

Heile 85% svarar at Internett den viktigaste kanalen for å skaffe seg informasjon om studia ved HVO. 48% av respondentane kontakta HVO direkte for ytterlegare informasjon.

- Det er viktig at søkemotoren på HVO si heimeside fungerer godt, seier Grete Forsmo. Forsmo som studerer PR, kommunikasjon og media. Forsmo er også medlem i Læringsmiljøutvalet ved HVO.

I tillegg til gode nettsider påpeiker Forsmo at det er viktig at høgskulen syter for at det er mogeleg for søkarane å kome i kontakt med fagansvarlege i heile søkjeperioden, også om sommaren.

Studentane er også svært godt nøgde med kvaliteten på tenestene dei får på Sørvistorget i Berte Kanutte-huset.

Undervisning

70% svarar at studiet svarar til forventningane. 55% er svært nøgde eller nøgde med den faglege oppfølginga undervegs i studiet. 25% er middels nøgde. Opp mot 60% er i svært stor grad eller i stor grad nøgde med den pedagogiske kvaliteten i studiet.

Grete Forsmo trekkjer fram fagutvalsmøta der tillitsvalde møter fagansvarlege og dekan som viktige i kontakten mellom studentane og lærarane.

- Her kan studentane påverke sin eigen faglege studiekvardag på ein god måte, seier ho.

565b29671e4d9c701ba38cdad54c25e015e5db3b

Informasjonskonsulent Helle Nærø, studentane Grete Forsmo og Øystein Bøe er godt nøgde med resultata i undersøkinga. Bøe er også den heldige vinnaren av ein I-pad som respondentane kunne vinne.

- Den nære og uformelle kontakten mellom lærar og student i relativt små undervisningsgrupper spelar også positivt inn, seier sosionomstudent Øystein Bøe.

I undersøkinga viser også at fleire studentar ønskjer at ein skal gå gjennom bruken av obligatorisk undervisning, få fleire forelesingar på tvers av fagfelta og evaluering av forelesarar. Studentar som pendlar ønskjer meir komprimert undervisning og heile undervisningsdagar.

Inneklima, datamaskiner og grupperom

Mange studentar klagar over inneklimaet i nokre av husa på campus. Spesielt er tilhøva lite tilfredsstillande i Henrik Kaarstad-huset som no heldigvis står føre ei større utbetring. Mange av fasilitetane er også vanskeleg å nytte av personar som t. d. nyttar rullestol.

Studentane ved HVO er nøgde med tilgangen til datamaskiner ved høgskulen, men Forsmo ser gjerne at det vert montert fleire stikk-kontaktar til private datamaskinar i auditoria og andre stadar.

Undersøkinga syner at studentane er middels nøgde med tilgangen til grupperom.

Kantine, bokhandel og Rokken

Vel halvparten av studentane meiner at kantina i Berte Kanutte-huset, som i desse dagar vert bygt om,  fungerer som samlingspunkt.

- Mange har klaga over støynivået i kantina, men det skal det gjerast noko med til neste år, seier Forsmo.

Undersøkinga viser at studentane ønskjer sunnare mat og lengre opningstider.

Eit stort fleirtal opplyser at dei finn pensumbøkene sine på Fagbok i Aasen-huset.

70% av dei spurde meiner at studenthuset Rokken bidrar positivt til studentmiljøet i Volda.

Volda som studiestad

Nesten 80% av dei som bur i Volda/Ørsta seier at dei trivst godt eller svært godt på fritida i Volda.

- I Volda er det slik at finnest ikkje fritidstilbodet ein er ute etter, gjer ein noko med det og lagar det sjølv, seier Grete og ler. Volda er kjent for dei mange aktive og kreative studentane som står bak ei rekke ulike studentmedia, festivalar som dokumentarfilmfestivalen og animasjonsfilmfestivalen, studentveka og revyen.

Del på