Stem fram spelemannspris frå Volda
Voldajenta Beate Slettevoll Lech og jazzbandet Beady Belle er nominert i klassen for beste musikkvideo i Spelemannsprisen for 'Self-fulfilling'. Videoen er laga av Lasso film, eit nystarta animasjonsstudio i Volda leia av tidlegare student ved høgskulen, Linda Fagerli Sæthren, som fekk mykje merksemd for eksamensfilmen 'Janus' frå Høgskulen i Volda. No treng dei di stemme for å vinna prisen!
- Janus vann mellom anna Amanda som beste kortfilm i 2007, og nominasjonen til Spelemannsprisen er nok eit døme på at ein kan lykkast innanfor kulturlivet i Norge sjølv om ein driv eit lite selskap i provinsen, kommenterer Gunnar Strøm ved aminasjonsutdanninga i Volda.
- Fleire noverande og tidlegare studentar frå animasjonslinja i Volda har arbeidd på den animerte musikkvideoen.
Du kan stemma på Spelemannsprisen sine heimesider.