Skal bli forbilde for folk på tur
Smeltevatn frå breen fossar ned fellsida. Vi har akkurat kryssa elva ved å hoppe på glatte steinar, på vår ferd mot blå is.
Haugabreen i Jølster har besøk av oss som studerer friluftsliv fordjuping. I alle turistbrosjyrer er det alltid fnt vær på Vestlandet, også på breane, men no regnar det.
Alle har for lengst tredd hetta si over klatrehjelmen. Regnet gjer isen ekstra hard og glatt. Som det står i DNT si handbok i brevandring: «hadde det ikke vært dårlig vær i området, hadde det neppe vært en bre der heller».
Riktig teknikk er avgjerande når ein vandrar på blåis. Ein må få flest mogeleg taggar inn i isen. Samstundes brukar ein isøksa som stokk, det kallast fransk teknikk. Så folk som vandrar på bre ser ut som franske pensjonistar på Norgesferie? Nja. Med øks, fæle broddar under skoa, sylkvasse isskruar, og klirrande karabinkrokar, ser ein først og fremst væpna ut. Rusta for eventyr.
Taumagi
Titals meter med tau ber vi med oss. Dersom ein person dette nedi ei sprekk, skal vekta av
resten av taulaget, «kjøttvekta», halde fallet.
På dag to demonstrer Stig den reine magi: ved hjelp av tau lagt fram og tilbake i eit taljesystem, kan ein få ein person til å bli fleire gongar lettare. Det er praktisk om ein må heise ein litt baktung turkamerat opp frå ei sprekk. Knutane må vere knytt rett, og folk må gjere sin del av jobben i riktig rekkefølgje, for å få til dette. Komplisert? Etter kvart som vi forstår prinsippa verker tryllekunsten mogeleg å utføre.
På den tredje og siste dagen får vi endeleg bruk for solbrillene våre – herleg! Plutseleg ser
den blå breen ut som på bileta. Vi trenar på å isklatre, og sikrar kvarandre. Når ein er femten meter nede i ei djup sprekk, kan det vere rart å tenke på at livet ditt heng i eit par isskruar, og hendene til kameraten. Vi avsluttar kurset med å vandre langs (og for nokon: bade i) jettegryter. Vi har det nydeleg i sola, og har hatt fne dagar på breen. Men burde vi heller ha brukt desse dagane på lesesalen?
Gruppepsykologi og leiarskap
Tilbake i Volda utfordrar eg lærarane våre, Stig Løland og Dag Erik Wold, til å forklare kva som er vitsen med akademisk brevandring og anna høgskule-friluftsliv.
STIG: På breen lærer studentane praktiske ferdigheiter. Men naturmiljøet er eigentleg kulissar for noko meir. Gruppepsykologi og leiarskap er vel så viktig, og har overføringsverdi til andre felt. På breen blir ein sett i eit taulag, og må fysisk henge saman. Ein blir tvungen til å tenkje på andre.
DAG: Å sjå på når andreklassingar får ha ansvar for førsteklassingane, og vere vitne til korleis dei modnar, det er fantastisk.
STIG: Eg kjenner friluftsfolk som har gjort det til eit levebrød å halde foredrag for næringslivet. Friluftspedagogikken byr på ein meir demokratisk leiarstil.
DAG: Vi treng kompetente folk som kan vere gode forbilde ute. Vi ser korleis utanlandske
turistar utløyser redningsaksjonar, fordi dei legg ut på turar som overskrider evnene deira, og diskusjonar om å stengje plassar som Preikestolen, på grunn av dette. Allemannsretten, retten til å ferdast i naturen, er enormt verdifull.
Ein må vite kva ein gjer
– Kva skil praktiske studium frå teoretiske?
STIG: Som lærar i eit klasserom kan ein kanskje få eit dårleg rykte om ein kjem dårleg førebudd til førelesningar. I naturen er det mykje meir alvorleg enn det. Om eg gløymer utstyr, eller ikkje informerer studentane skikkeleg, kan det bli farleg.
DAG: Ute er ingen dagar like, ein må kunne improvisere, og samtidig vite kva ein gjer. Det er ei alternativ pedagogisk form, og om vi kan vere ein motkultur i samfunnet, er det bare bra.
– Nokon vil seie at til dømes eit brekurs er noko ein kan ta på fritida?
STIG: Heilheita er meir enn summen av kvart enkelt kurs. Eg ser korleis studentane modnar gjennom eit samanhengande år hos oss. Det er ein modningsprosess, som tar tid.