Resultat frå studentvalet

Tekst: Webmaster Volda

Etter valdagen fredag 15. oktober og førehandsvalet frå 11.-13. oktober kunne valstyret fredag ettermiddag slå fast at Sunniva Selena Bolseth og Eivind Nævdal-Bolstad vart valde til faste studentrepresentantar i høgskulestyret. Tom Rino Knudsen vart vald til vara.

Både Sunniva Selena Bolseth og Eivind Nævdal-Bolstad studerer PR, kommunikasjon og media. Sunniva 3. året, og Eivind 1. året. Tom Rino studerer Media, IKT og kommunikasjon.

Les meir om dei tre kandidatane

Valstyret gratulerer kandidatane.


Del på