Norsk språk og samfunnsfag for utanlandske studentar feirar 20 år
Elena Tkachenko (Høgskulen i Oslo) er invitert for å snakke om fagskriving med norsk som andrespråk.
Kvotestudentar er det mange av kvart år på NUS. Ingebjørg Birkeland frå SIU (Senter for internasjonalisering i utdanninga) vil snakke om kvoteordninga før og no.
Frå NUS-miljøet her i Volda vil Reidun Aambø sjå på det «akademiske kultursjokket» som utanlandske studentar kan oppleve.
Birgitte Fondevik Grimstad vil dele sine erfaringar om korleis NUS-studentar og studentar på fagstudia kan vere ressursar for kvarandre.
– Vi vonar at dei som kjem vil bidra i diskusjonar og dele erfaringar, seier Reidun Aambø.
Interesserte kan ta kontakt med Reidun Aambø (70075138) eller Hilde Osdal (70075142/95283619) for meir informasjon.