Messias i Volda kyrkje
Koret og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Foto: Espen Breivik/Møre.
Fullsett kyrkje. Det kom publikum frå heile Søre Sunnmøre. Foto: Espen Breivik/Møre.
Øystein Salhus er leiar for symfoniorkesteret ved HVO. Elizabeth Oltedal var dirigent for oppsetninga i Volda kyrkje.
Medverkande var:
Karen Rosenberg Olsen, sopran
Karen har bachelorgrad i klassisk song frå Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. Skuleåret 2008-09 var ho, gjennom Erasmus, student ved Royal Scottish Academy of Music and drama i Glasgow. Ho har studert med Torgun Birkeland og delteke på operaworkshops med Elizabeth Norberg Schulz og Sergio Oliva samt masterclasses med Malcolm Martineau og Susanna Eken med fleire. Ho er blitt tildelt fleire stipend og prisar, mellom anna for beste interpretasjon av tyske lieder i The Frank Spedding lieder prize competition halden i Glasgow i 2009.
Karen arbeider no som frilansmusikar og har eit vidt repertoar som spenner frå opera til lieder, kyrkjemusikk, operette og cabaret. Karen har den sceniske utdanninga si frå Baardar Akademiet og drama mellomfag frå Høgskulen i Volda.
Kristin Frivold, sopran
Kristin går fyrste året på bachelorstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Før det gjekk ho på musikklina på Ringerike vidaregåande skule. Ho har også vore med i Ringerike TenSing i seks år og var dei fire siste åra dirigent for koret, men då dreiv ho med heilt andre sjangrar enn det de får høyre i dag.
Lydklipp med Bigton og Frivold.
Lillian Karin Bigton, alt
Lillian er andre årsstudent på bachelorstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare gått fire år som songelev på Ålesund kulturskule. Ho syng både klassiske stykke og songar frå musicals og har hatt fleire småoppdrag i Ålesund og omegn. I fjor var ho solist i Vivaldis Gloria med høgskulen sitt kor og orkester.
Ragnhild Engeset, alt
Ragnhild Engeset er frå Hovdebygda og arbeider som musikklærar og frilansmusikar. Ho er utdanna musikkpedagog og filolog frå Bergen. Som songar er ho mykje nytta som solist i kyrkjemusikalske samanhengar i regionen. Ho har elles eit breitt repertoar, og har eigne konsertar med repertoar frå liederlitteraturen, opera og samtidsmusikk.
Som lærarar i song har ho hatt Bitta Østvold og Diane Sævig i Bergen, og siste åra har ho studert med Åsa Bäverstam, songpedagog ved musikk-konservatoriet i København. Ho har delteke på ulike kurs med mellom anna Anne Margrete Dahl, Susanna Eken og Ian Partridge som lærarar.
Tøge Talle, tenor
Tøge Talle er busett like utanfor Oslo og har ein allsidig bakgrunn som solist i opera- og kyrkjemusikk, samtidsmusikk og kammermusikk. Han har hatt engasjement ved Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund, Nationaltheatret, Trøndelag teater, Festspillene i Bergen, Oslo Kammermusikkfestival osv. Dei siste åra har han m.a. turnert i Tyskland og Sveits med ”Winterreise” og ”Die Schöne Müllerin” av Schubert, og med ”Draumkvedet” saman med Ole Henrik Moe.
Alf K Vatne, bass
Alf K Vatne er frå Ørsta. Han har studert hjå Joseph Stzerenyi ved Musikkonservatoriet i Oslo og har vore solist med dei fleste kor og orkester på Nordvestlandet. Han har gjesta Opera Nordfjord fleire gonger og vore solist i verk av Händel, Brahms, Bach, Fauré, Mozart og Mendelssohn.
Elizabeth Oltedal, dirigent
Elizabeth Oltedal er britisk og har utdanning i musikk og musikkpedagogikk frå universiteta i Durham og London, og diplom som pianopedagog frå Trinity College of Musikk, London. Elizabeth Oltedal har hovudfag i korleiing frå Norges musikkhøgskole med Stefan Sköld og Grete Pedersen som lærarar i kordireksjon, og Per Sigmund Torp i orkesterdireksjon. Elizabeth er førstelektor i musikk ved Høgskulen i Volda.
Høgskulens symfoniorkester
er utvida i høve konserten med fylgjande musikarar:
Bert Handrich, cembalo
Sverre Volle, orgel
Alexander Glisic, bratsj
Alexander Minkov, pauker
Anders Farstad, trompet
Georg Friedrich Händel (1685-1759)
Georg F. Händel er kjend som ein av dei aller største og produktive komponistane frå seinbarokken, samtidig med Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi. Han byrja den musikalske karrieren sin som kyrkjemusikar i heimbyen Halle i Tyskland. Sidan fekk han jobb som fiolinist, seinare cembalist, i operaorkesteret i Hamburg. Han komponerte og fekk framførd sin første opera då han var 20 år gamal. I fleire år arbeidde han i Italia, mellom anna hjå Prins Ferdinand de’ Medici i Firenze, men også attende i Tyskland som hoffkapellmeister hjå kurfyrst Georg av Hannover. Händel reiste etter kvart til London og fekk ansvaret for musikken ved hoffet til dronning Anne. Då Anne døydde i 1714, var det ingen andre enn Georg av Hannover som var næraste tronarving. Han kom til England som George I, og Händel vart hoffkapellmeister livet ut.
Händel var ein meister i den italienske operastilen og komponerte over 40 operaer med stor suksess. Men etter kvart vart han oppteken av oratorieforma og komponerte verk over bibelhistorier som t.d. Esther, Saul og Israel i Egypt.
Messias
Messias (Messiah) vart komponert i 1741 over ein libretto av Charles Jennens, ein rik litterær dilettant. Dei bibelske tekstane fortel ikkje ei historie på same måten som i andre oratorier, men er valt ut og sett saman for å vise det store dramaet om menneskeleg frelse i tre deler:
Første del: Profetien og realiseringa av Guds plan for å frelse menneska ved Jesu fødsel.
Andre del: Frelsa gjennom Jesu død, og menneska sine feilgrep når dei motset seg Guds vilje.
Tredje del: Ein takkesong til Han som vann over døden.
Messias inneheld i alt 54 satsar, men det er svært sjeldan at alle satsane vert framførde i eitt. Dei aller fleste som set opp Messias framfører berre eit utval av dei mest kjende satsane. Dei satsane vi har valt å framføre i kveld gjev kontinuitet i tekstsamanhengen og den musikalske oppbygginga av verket.
eo