Ledige plassar på World Heritage-studiet

Studentar frå nesten alle studia ved høgskulen kan velje verdsarvstudiet som valbart emne. No er det nokre ledige plassar, så det er berre å melde seg på. Studiet kan takast som ein del av bachelor eller som etter- eller vidareutdanning. Det vil passe for alle som driv med formidling i eit natur- og kulturlandskap, alt frå lærarar og museumspedagogar til reiseliv og journalistikk.

 

Studiet gir ein unik sjanse til å lære om verdsarvområdet knytt til Geirangerfjorden og korleis dette spesielle området kan inspirere til refleksjon og vidare formidling lokalt og i ein internasjonal samanheng. Go to English version.

Les meir i studiekatalogen og meld deg på! Fristen nærmar seg.

Del på: