Ledig praktikantplass i Havanna

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

e2534699d41dfc30698cd043abc4f05688d16303

05/11/2010 // Den norske ambassaden i Havanna tilbyr norske studentar praktikantplass for inntil seks månadar. Tiltreding 7. februar 2011.

Arbeidsoppgåver


Målsetninga med praktikantordning ved utanriksstasjonane er å spreie kunnskap og interesse for arbeidet i utanrikstenesta. Ambassaden i Havanna er ein liten utanriksstasjon med tre utsendte diplomatar. Praktikanten vil difor måtte rekne med å utføre varierte arbeidsoppgåver - informasjonsarbeid, kultursamarbeid, oppdatering av ambassaden sine heimesider, politisk og økonomisk informasjonsinnhenting og ulike administrative oppgåver. Våren 2011 ynskjer ambassaden særleg å fokusere på det bilaterale samarbeidet innan kultur.

Kvalifikasjonar


Praktikantplassen i Havanna vil vere aktuell for studentar i sluttfasen av studiet eller nyutdanna. Sjølvstende, fleksibilitet, evne til personleg initiativ og gode samarbeidsevner blir vektlagt i utveljinga. God kjennskap til bruk av IKT-verktøy og bruk av internett er forventa. Det er nødvendig med gode spanskkunnskapar. Kjennskap til Cuba og/eller Latin Amerika er ein stor fordel.

Praktiske opplysningar


Praktikantordninga er i prinsippet ulønna, men det blir ytt eit månadleg stipend på NOK 5.000,- utbetalt i lokal valuta. Praktikanten må sjølv dekke utgifter til reise og bustad, men ambassaden har moglegheit til å leggje til rette for ein passande bustad.   

Det er en føresetnad at praktikanten har norsk statsborgarskap og kan dokumentere medlemskap i folketrygda. Om nødvendig må det søkast om medlemsskap via NAV Internasjonalt.

Søknad og CV bes sendt til e-post [email protected] innan 1.12.2010.   

Eventuelle spørsmål om praktikantplassen kan rettast til 1. ambassadesekretær Anne Heidi Kvalsøren på e-post [email protected].

Del på