Høgskulekoret og symfoniorkesteret sin årlege adventskonsert
Høgskulekoret og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda frå messiaskonserten i Herøy kyrkje.
– Det vert stor spennvidde i framføringane under adventskonserten, forklarar Salhus.
– Mellom anna vil vi få høyre utdrag frå Messias som nettopp har vorte framført i Volda og Herøy kyrkje, og "Hallelujakoret" er då sjølvskriven.
– Den kjende julesongen, "O helga natt", vert framført av ein av studentane og det vert også folketonar på programmet, mellom anna frå Latvia. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda vil spele "Vinteren" frå "Årstidene" av Vivaldi.
Konserten er Avdeling for kulturfag si julegåve til innbyggjarane i Volda og Ørsta og er gratis. Alle er hjarteleg velkomne til ei rik muskkoppleving i Volda kyrkje, i år litt tidlegare enn vanleg, tysdag 30. november.
Øystein Salhus, leiar for Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. T.h.: Elizabeth Oltedal.