Prosjektet
“Bjørkedalsbåten – bygging og bruk” er eit treårig lærings- og formidlingsprosjekt som skal sikre den lokale tradisjonelle kunnskapen om å byggje, bruke og vedlikehalde små og opne klinkbygde båtar. Dette er både ein materiell og immateriell kulturarv. Finansiering for 2023 – 2025 er sikra gjennom Forbundet KYSTEN & Sparebankstiftelsen DnB, Sunnmøre kulturnæringshage og Høgskulen i Volda.
Prosjektet har bakgrunn i den mange hundreårige båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen i Volda, og bortimot eit halvt hundreår med bruk og stell av tradisjonsbåtar i regi av Høgskulen i Volda på kystfriluftsbasen Yksnøya.
Prosjektet skal bygge to nye klinkbygde tradisjonsbåtar; ein trerøring og ein færing. Bygginga skal følgje dei sesongavhengige aktivitetane i næringskjeda «frå skog til rigging», alt innanfor eit tradisjonelt berekraftperspektiv.
Opplæring i bruk og vedlikehald av klinkbygde tradisjonsbåtar skal vere ein del av prosjektet. Båtane skal brukast vederlagsfritt av barn, unge, unge vaksne, høgskulestudentar og andre. Gjennom å stimulere til auka bruk av tradisjonsbåtar, kan ein medverke til å ta vare på og sikre både den tradisjonelle materielle og immaterielle kulturarven som finst i Volda.
“Bjørkedalsbåten – bygging og bruk” inngår per i dag i aktivitetsportefølja til Innovasjon og arbeidslivsrelevans prosjektet i regi av Sunnmøre kulturnæringshage, og vil etter kvart bli ein integrert del av aktiviteten i Norsk Innovasjonssenter AS.
Kontaktpersonar
Prosjektleiar: Unni Hagen, [email protected], Mobil: +(47) 48293203
Assisterande prosjektleiar: Ola M. Einang, [email protected], Mobil: +(47) 48143001