Forskarutdanning

Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr to doktorgradsprogram. I samarbeid med Høgskolen i Molde (HiM) tilbyr HVO doktorgradsutdanning i helse- og sosialfag. Doktorgradsprogrammet, Utdanning, språk og kultur, startar opp frå 1. januar 2025. Begge doktorgradsprogramma lyser ut stipendiatstillingar kvart år. Ledige stipendiatstillingar vert kunngjort her.

Høgskulen i Volda har mange tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt. Dei fleste arbeider som stipendiatar i tre- eller fireårsløp. I tillegg arbeider somme høgskulelektorar med doktorgradsprosjekt i forskingstida si i eit femårsløp. Nokre doktorgradsprosjekt er knytt til større forskingsprosjekt ved høgskulen.  

Stipendiatane ved Høgskulen i Volda (HVO) er organiserte i ei eiga Stipendiatforeining, som har ein representant i Forskingsutvalet.