Elevvurdering er eit av fem område (leseopplæring, rekneopplæring, rådgjeving, IKT-kompetanse i bruk av digitale læremiddel) som staten prioriterer i si satsing på kompetanseutvikling. Nå har Kunnskapsdepartementet valt ut 10 kompetansemiljø som skal tilby etterutdanningskurs for lærarar i elevvurdering med vekt på undervegsvurdering og vurdering for læring. Høgskulen i Volda (HVO) er mellom dei utvalte. HVO-modellen Elevvurdering har vore eit satsingsområde for høgskulen og ei tverrfagleg vurderingsgruppe med Siv M. Gamlem som fagleg leiar har sett spor både internt og gjennom eksterne etter- og vidareutdanningsprosjekt ute i kommunane. Måten arbeidet har vore organisert på internt på Høgskulen i Volda og samarbeidet med praksisfeltet har vekt interesse og det er HVO-modellen som no blir mal for etterutdanningstilboda nasjonalt. - Dette er motiverande og vi registrerer pågang frå skuleeigarane som no planlegg etterutdanningar frå hausten 2009. Det alltid tilbakevendande spørsmålet er fagleg kapasitet m.a.o. kor mykje vi kan binde oss til - seier rådgjevar Oddbjørn Nes. 2000 lærarar engasjert i prosjekta I dag er om lag 2000 lærarar i åtte kommunar (Volda, Ørsta, Sykkylven, Haram, Fræna, Sula, Molde, Vestnes, Rauma) i regionen inne i prosjekta. Alle skulane i kommunane er med, og målet er å setje fokus på eigen vurderingspraksis for å betre tilbakemeldingskvaliteten til elevar og føresette. - Det er avgjerande for prosessen og resultatet at skuleeigarane (kommunane) og skuleleiarane er med i prosjektet. Vurderingsgruppa frå Høgskulen i Volda er faglege rettleiarar og leier prosessen, fortel leiar for vurderingsgruppa, Siv M. Gamlem. | Siv Gamlem (Foto: Ivar Hagen) |