Idrett og friluftsliv
Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv. Som student ved desse faga får du delta i- og lære gjennom varierte aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og den praktfulle sunnmørsnaturen.
Våre studietilbod:
- Bachelor i idrett og kroppsøving
- Årsstudium i idrett og kroppsøving
- Bachelor i friluftsliv og naturguide
- Årsstudium i friluftsliv
Hos oss møter du ulike fagområde
- Ernæring og fysisk aktivitet
- Friluftsliv i ulike naturområde til ulike årstider
- Helsefremjande arbeid
- Idrett og samfunn
- Motivasjonspsykologi
- Motorisk læring
- Naturguiding i fjordlandskap
- Naturguiding i vinterlandskap
- Prestasjonsutvikling
- Undervisningslære
- Ski
- Treningslære
- Vitskapleg metode
Ved Idrett og Friluftsliv møter du eit aktivt studentmiljø med gode fasilitetar for idrett og trening. I Sunnmørsnaturen har vi gode forhold for friluftsliv frå fjøre til fjell.
Bachelor i Friluftsliv og naturguide utdannar deg til å jobbe som naturguide og leiar innan friluftsliv.
Bachelor i Idrett og kroppsøving utdannar deg til å jobbe med undervisning i kroppsøving og idrettsfag.
I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen.
Vi tilbyr også enkeltkurs.
Følg oss på Facebook, Idrett & Friluftsliv og møt våre studentar og korleis dei har hatt det i Volda.
Har du spørsmål?
Instituttleiar Idrett og Friluftsliv: Mailinn Corrado-Knutsen
Studieprogramleiar Idrett og kroppsøving Tore K. Sørheim
Studieprogramleiar Friluftsliv og naturguide: Kalle Kristian Pulli