Vi du vere med å bestemme – stem på førehand!
- Vi synast det er viktig at studentane nyttar seg av stemmeretten sin. Valdeltakinga har vore svært låg mellom førstegangsveljarar og spesielt studentar siste åra. Ein må engasjerer seg for å påverke morgondagens Noreg, seier ho.
- STEM! seier Studenttingsleiar Anette Aune Hauge
- Dersom ein er misnøgde med noko – har ein ikkje så mykje å seie om ein ikkje nyttar stemmeretten sin, meinar studenttingsleiaren.
Kjempar for studentvelferd i valkampen
- Studenttinget er opptekne av mellom anna nok studentbustadar og auke i reisestipend. Som ein garanti både for studentvelferda i framtida, men også for oppretthalding av utdanningstilbod i heile Noreg, engasjerer vi oss for vidare fokus på høgskular i distrikta i konkurranse med større utdanningsinstitusjonar i dei større byane. Reisestipend er ein viktig faktor å gjere utdanningstilboda tilgjengeleg i heile landet.
Studentvelferd er ei føresetnad for eit utviklande samfunn, og ofte spesielt i distrikta. Skal til dømes studentstader som Volda ha eit fargerikt og variert miljø både fagleg og sosialt, er auken i reisestipenda ei svært viktig sak, seier ho.
Førehandsrøysinga ved Høgskulen i Volda vil gå føre seg i første etasje i Berte Kanutte-huset, der ein fekk utdelt semesterkort ved studiestarten. Valurnene er opne mellom klokka 12.00 og 14.00 den 6. september. Hugs å ta med legitimasjon – valkort er ikkje naudsynt.
Les meir på Studentenes landsforbund sine heimesider