Seksualopplysning til alle studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Denne tenesta omfattar informasjon og rettleiing i forhold til kropp, seksualitet ogprevensjon, fortel helsesøster Mari Heltne.
Helsestasjonen for studentar opna no i haust, og det vert spennande å sjå om studentar vil nytte seg av tilbodet.

Gratis kondom
Sosial- og helsedepartementet har sett av store midlar til prosjektet, som mellom anna skal lette tilgongen på gratis kondoma og resept på p-pillar.
- Aborttala for tenåringar har hatt ein nedgong siste åra, men unge vaksne mellom 20 og 24 ligg på aborttoppen i Noreg, fortel Arild Johan Myrberg til nrk.no.
- Mange flyttar heimafrå og startar på ei ny fase av livet når dei er i starten av tjueåra, samtidig som dei innarbeidde ordningane med lett tilgjengeleg og gratis prevensjon forsvinn, forklarar han.

Studentsamskipnadane i Trondheim, Nord-Trøndelag og Sunnmøre er med i prosjektet.
 

Del på