Studiestart og fadderveke: Slik jobbar Høgskulen i Volda med smittevern

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: HVO

- Oppdatert

18. august er offisiell studiestart ved HVO, og i sommar har førebuingane vore hektiske for å sikre at smittevern skal stå i høgsetet når folk skal samlast på høgskuleområdet att. – Vi gjer alt vi kan for at både studentar, tilsette og alle i lokalsamfunnet skal kjenne seg trygge, seier kriseleiinga. 


- Vi har jobba kontinuerlig og systematisk med smittevernstiltak sidan vi sette krisestab i vinter. Etter at høgskular og universitet vart stengde 12. mars, har både vi og studentane jobba heimanfrå fram til i sommar, fortel direktør Karen Lomeland Jacobsen. 

Først i juni vart det delvis opna opp for at fleire tilsette og einskildstudentar kunne kome attende til høgskulane. Og når det no skal opnast for fullt, og om lag 900 nye studentar skal kome til Volda i første omgang, skjøner Lomeland Jacobsen at det kan kome spørsmål om tryggleik. 


1 meter avstand og obligatorisk smitteskule

Saman med leiar for fadderveka, Helena Heimer Rognstad, rektor Johann Roppen, prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim og leiar av Studentparlamentet, Trym Rimmen, fortel ho om eit godt samarbeid mellom HVO-leiinga, studentane og Volda Kommune for å ha så god beredskap som mogleg. All aktivitet ved høgskulen er rigga for å følge alle restriksjonar, og sikre trygg drift. 

- Undervisninga vert ein kombinasjon av eit digitalt tilbod og fysisk frammøte. Vi har sett opp alle undervisningsrom slik at ein kan halde 1 meters avstand. For å få til dette, har vi mellom anna leigd lokale på Uppheim og Rokken, samt utvida lengd på undervisningdagen, seier Lomeland Jacobsen, som også er kriseleiar ved HVO.

God merking, tilgang på handvask, såpe og spritdispensarar til desinfeksjon er også viktige tiltak, sjølvsagt saman med reinhald. 

- Ein føresetnad for å kunne opne att, er å kjentgjere og handheve smitteverntiltak. Difor har vi sendt ut ein obligatorisk «smitteskule», eller ei e-læring i smittevernreglane våre, som både tilsette og studentar må ta, fortel Lomeland Jacobsen. Denne ligg også på heimesidene våre opent for jevnleg oppfrisking, oppmoder ho.

Solidaritetskarantene og oppstart i fleire omganger

Høgskulen har i likskap med andre i sin sektor avlyst både inn- og utveksling i år. Ei lita gruppe utanlandsstudentar som skal gå norskstudier og masterstudentar ved Avdeling for mediefag er klarert for studieåret. Dei har fått ein eigen beredskap. 
- Alle vert henta på flyplassen, og Studentsamskipnaden stiller studentbustader til disposisjon til både karantene, og om naudsynt på noko tidspunkt, til isolasjon, seier Lomeland Jacobsen. 

Kriseleiinga ved HVO har også gått litt lenger enn råda frå Folkehelseinstituttet når det kjem til karantene etter ferier for dei tilsette: Dei har oppmoda alle som har vore utanlands om å gå i «solidaritetskarantene», sjølv om dei har vore i det som var eit «grønt» land. 

På sjølve opningsdagen 18. august vert programmet som vanlegvis går for stort publikum frå ei scene sendt på video, og denne skal visast over fleire omganger. Studentane er delt opp i grupper, og det er berre dei «nye» studentane, altså dei som skal starte i nytt studieløp ved HVO, som har oppmøte denne første dagen.  


Fadderveke i små grupper – storfesten får vente

Høgskulen i Volda startar ei veke seinare enn mange av dei store universiteta og høgskulane i år. Erfaringane frå andre opningar er nyttige å ta med seg i siste innspurt. Ikkje minst når det gjeld organiseringa av fadderveka. Dei siste dagane har ein lese om festar der ein ikkje har klart å halde smittevernsreglar. Fadderstyret i Volda jobbar iherdig for at dei skal klare dette her. 

- I første omgang har vi sjølvsagt utsett alle store arrangement, og nedskalert fadderveka frå to veker til ei, med hovudfokus på å bli kjent med bygda og med-studentar. Den avgjerda vart teken tidleg, allereie i vår. Klassisk fadderveke slik vi kjenner det frå tidlegare år får vi vente med til smittesituasjonen tillet det, seier Helena Heimer Rognstad.

Ho er leiar i fadderstyret, og har dårleg tid til ein prat – ho skal i møte med fungerande smittevernansvarleg i Volda Kommune. Dei har allereie gått gjennom og fått godkjent programmet. Samarbeidet her er viktig: At dei som skal vere fadder veit kva dei skal gjere, kva reglar som gjeld, og kva dei må gjere for å sikre trygt samvær mellom studentane. Og kva dei skal gjere om smittevernet ikkje let seg oppretthalde. – Då må vi seie stopp, seier fadderleiaren bestemt.


Ta vare på dei nye i bygda

Kvifor dette med samvær mellom nye studentar er viktig, ønsker prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim å få fram i debatten: – Vi veit at det å studere åleine i perioden med heimekontor gjekk ut over både psykososial helse og motivasjon for studentane. Fadderveka sin viktigaste funksjon er at unge menneske som er nye i bygda, kanskje ikkje kjenner nokon og er spente før ein viktig fase i livet, skal bli tekne godt vare på, og oppleve ein god start. Akkurat no er dette kanskje viktigare enn nokon sinne, seier prorektoren.

- Og vi skal gjere alt vi kan for at både folk i Volda, nye studentar og fadrane deira skal kunne føle seg så trygge som råd. Vit at vi tek dette på høgste alvor, seier Heimer Rognstad.

Lomeland Jacobsen roser studentane: - Ja, det er ingen tvil om at dei tek dette særs seriøst. Det handlar ikkje om retten til å feste, men å få ein trygg start, i dobbel forstand. Vi er glade for at vi har eit så godt samarbeid ved høgskulen. Studentane har vore representert i kriseleiinga vår heile vegen, og vi har faste møter med fadderstyret, fortel direktøren. 


Ta ansvar!

Kriseleiinga ved høgskulen oppmoder alle om å sette seg godt inn i smittevernrettleiaren og å ta vare på kvarandre i tida framover. – Ta ansvar! Hald avstand, vask hendene og ver heime om du kjenner deg sjuk. Hugs også smittevernet om de har private festar i tida framover, studentar eller andre som har noko å feire: - Meters-kravet gjeld like sterkt der som på andre stader, og ein skal ikkje vere fleire enn 20 samla samtidig. Følg med på kven som er festdeltakarar med tanke på muleg smittesporing, tipser kriseleiinga.

- Gjer vi alle vårt beste for å følgje desse reglane, håper vi at studiekvardagen kan bli god og trygg! 
 

Del på