Student til hausten? No kan du registrere deg!
Gler du deg til studiestart? Start allereie no med å registrere deg! Det kan du gjere frå 1. august til 1. september.

Foto: Jonas Közle.
Gler du deg til studiestart? Start allereie no med å registrere deg! Det kan du gjere frå 1. august til 1. september.
Kvart semester må alle studentar registrere seg. Dette gjeld både nye studentar, og dei som allereie er i eit studieløp. For den nye studenten handlar det om å få tilgang til undervisningssystema, e-post og liknande, i tillegg til at registreringa generer giro for betaling av semesteravgift.
Registrering på 1-2-3 finn du her!
Undervisningsopptak
Attkomande studentar i eit løp skal registrere seg i undervisningsopptaket, som er eit tilbod om «førehandsregistrering». Då melder du deg til undervisning, eksamen og genererer giro for betaling av semesteravgift. Allereie gjort det? Då kan det vere kjekt å sjekke kva du er meldt opp til. Hugs også å oppdatere semesteradressa di. Dette gjer du via Studentweb.
Studentsørvis kan hjelpe deg
Meir informasjon om registrering og anna nyttig studiestart-informasjon finn de på studiestartportalen. Og hugs at dei kjekke tilsette på Studentsørvis kan hjelpe deg om det er noko du lurer på eller ikkje får til: [email protected] eller telefon 70 07 50 18.
Vi gler oss til å ønskje dykk velkomen til Høgskulen i Volda!