Søk deg inn fadderstyret no

Har du lyst å bidra til at fadderveka ved Høgskulen i Volda i 2021 blir heilt magisk? Då kan du søke på eit av deg seks verva i faddervekestyret fram til og med 21. februar.

Sekstetten Eilenn Connor (f.v.), Thomas Lind, Irmelin A. Losvik, Knut Andre Flate Vikås, Roy Christian Andersen og Trude Erland Gade utgjer faddervekestyret 2019.

Tekst: Diam esse humo illum mos quadrum turpis validus Distineo ibidem jugis molior probo. Blandit elit immitto obruo occuro sit utrum voco.

- Oppdatert

Del på:

Har du lyst å bidra til at fadderveka ved Høgskulen i Volda i 2021 blir heilt magisk? Då kan du søke på eit av deg seks verva i faddervekestyret fram til og med 21. februar.

Ikkje berre får du vere med på å lage ei fadderveke som vil gi mykje moro, men også viktig arbeidserfaring som er fint å ha på CV-en. 

Faddervekestyret består av seks verv: 

Leiar – leiar og koordinerer arbeidet, og held dialogen med Studentparlamentet, Høgskulen og Samskipnaden 
Nestleiar – avlastar leiar og resten av styret, er styrets multitasker 
Arrangementsansvarleg – hovudansvar for programmet
Fadderansvarleg – hovudansvar for alle fadrane og faddergruppene 
Sponsoransvarleg – sikrar avtalar med sponsorar og har hovudansvar for innkjøp og økonomi 
PR- og multimedieansvarleg – hovudansvarleg for promotering og grafisk design

Alle verva har ulike ansvarsoppgåver før, under og etter Fadderveka. Eit godt samarbeid på tvers av verva er ønskeleg og nødvendig for å lage den beste studiestarten for nye og gamle studentar ved Høgskulen. 

HER KAN DU LESE MEIR OM DEI ULIKE VERVA OG SØKE

Verva i Faddervekestyret er honorerte med 10 000 kroner for leiar og 5 000 kroner for dei andre verva i styret. Honoraret blir utbetalt som ein eingongssum etter innlevert evalueringsrapport i oktober.

Om dette er noko for deg, håpar vi du søkjer! 

Har du spørsmål om Fadderveka, ta kontakt med nokon i Arbeidsutvalet til Studentparlamentet eller send ein e-post til: [email protected] 

Følg Fadderveka på Facebook og Instagram
 

Del på: