Inviterer studentar til å melde flytting
Volda Kommune har på ønskelista si at fleire studentar melder flytting til bygda. No inviterer dei heiltidsstudentar som endrer heimstadsadressa si til å søke om «Voldakortet» til ein verdi av 5000 kroner.

Volda Kommune har på ønskelista si at fleire studentar melder flytting til bygda. No inviterer dei heiltidsstudentar som endrer heimstadsadressa si til å søke om «Voldakortet» til ein verdi av 5000 kroner.
I sommar vedtok kommunestyret i Volda ei studentintensivordning, med mål om å få fleire studentar til å melde flytting til Volda. Løna er eit verdikort som kan nyttast i lokale butikkar, treningssenter, serveringsstader og liknande, skriv kommuna i ei pressemelding.
Les meir om flytteordninga på kommunen sine heimesider. Her finn ein også oversikt over ofte stilte spørsmål knytt til flytting, som om dette har noko å seie for lån og stipend og eventuelle andre endringar dette fører med seg samanlikna med det å halde på bustadsadressa i heimkommunen.
Representantar frå Volda Kommune skal ha ein stand på Berte Kanutte-huset fredag 25. september, der studentar som allereie har søkt kan hente ut kortet sitt.
For å kunne søke om «Voldakortet» må følgjande vilkår vere oppfylt:
1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda frå ein annan kommune i Noreg. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
3. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste åra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
4. Du kan søke ordninga ein gong.
5. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
6. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift.
Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.