Nytt nynorskkurs

Nynorsksenteret kan no tilby eit nytt, gratis nettkurs om tekst og tekstgrammatikk med utgangspunkt i nynorske tekstar. Kurset nyttar både skriftleg, munnleg og samansett tekst som eit grunnlag for å lære om det nynorske formverket. Det gjev òg ei enkel innføring i teksttypar og sjangrar, med døme frå moderne nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa.

Elevane skal kunne

  • ”lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspreget på bokmål og nynorsk”
  • ”vise hvordan tekster i ulike sjangere kan bygges opp på ulike måter”
  • ”vurdere egne tekster og egen skriveutvikling ved hjelp av kunnskap om språk og tekst”

(Frå Kompetansemål etter 10. årstrinn, Læreplan i norsk)

Nynorsksenteret har med dette nettkurset lagt til rette for å kunne hjelpe skulen med å realisere kompetansemåla etter 10. årstrinn (jf. sitat), men kurset kan også vere eit differensieringstilbod på andre klassetrinn. Både elevar med nynorsk som sidemål og hovudmål kan ha nytte av kurset.

Kurset finn du på Kurs og foredrag - Nynorsksenteret

Del på: