ULEENG3A Engelsk ordkunnskap og ordlæring
Ingen.
Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, korleis dei er strukturerte og korleis dei blir lærte. Emnet gir også inngåande kunnskap om engelsklæring og engelskdidaktikk knytt til ordlæring, med vekt på korleis ein kan leggje til rette for og stimulere elevane si utvikling av ordtilfang. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet. I tillegg bur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten inngåande kunnskap om:
- engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding og relasjonar mellom ord
- historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis denne speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
- morfologisk struktur og mønster i engelske ord
- korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
- tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
- korleis ord og infomasjom om ord er strukturert og organisert i minnet
- undervisning som legg til rette for tileigning og læring av ordtilfang i eit andrespråksperspektiv, tilpassa ulike elevar sine føresetnadar og behov
- profesjonsretta forsking og akademisk skriving
Etter fullført emne kan studenten:
- reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- systematisk øve opp evna hjå andre til å bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- planlegge og gjennomføre varierte og forskingsbaserte undervisningsopplegg som legg til rette for elevane si tileigning av ordtilfang
- systematisk og medvite integrere tileigning av ordtilfang i ulike læringsprosessar
- nytte ordtilfanget i engelsk til å synleggjere dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
Etter fullført emne kan studenten:
- reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for på eit teoretisk og erfaringsbasert grunnlag løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske, og forskingsretta kompetanse
- forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
- bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Krav om 70% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. Studentane skal delta aktivt i undervisinga.
Arbeidskrav:
- halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan engelsk vokabular
- eit førsteutkast (1000 ord +/- 10%) til eit individuelt essay som skal skrivast på engelsk. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg.
Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar/rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (basert på innlevert førsteutkast). Oppgåva/essayet skal skrivast på engelsk. | Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (basert på innlevert førsteutkast). Oppgåva/essayet skal skrivast på engelsk. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i både oppgåva og pensum | Den innleverte oppgåva |