What did "Stuck in Volda" look like?

Studentane i Strategisk design har denne veka hatt utstilling av dei siste arbeida sine. Klassen har fleire internasjonale studentar, og vert undervist på engelsk. Temaet var "Stuck in Volda."

Studentane i det valfrie emnet Strategisk design fekk temaet Stuck in Volda før dei sette i gong med arbeidet før utstillinga ved Høgskulen i Volda.

Dei løyste oppgåvene på ulike måtar - nokre valde å lage eit monopolspel om Volda, andre laga eit papphus der ein kunne kike inn i dei ulike opplevingane ein kan ha i Volda, medan andre laga ein voldateikneserie.

Utstillinga står i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.
Her er nokre smakebitar, trykk på bileta - bla fram og attende:

Del på: