Voldastudenten Mah-Rukh nyheitsanker i NRK
Jordskjevreporteren
- Ali er fødd og oppvaksen i Oslo, med foreldre frå Pakistan. Det var paradoksalt nok i foreldra sitt heimland at nyheitsredaktør Grethe G. Johnsen oppdaga Mah-Rukh Ali, skriv vg.no.
Mah-Rukh vart mellom anna kjend for sine jordskjelvreportasjar frå Pakistan og Rahila Iqbal-saka.
- Johnsen kommenterer til vg.no at Mah-Rukh har eit talent for TV-skjermen, og at ho framfor alt jobbar i NRK på grunn av sine journalistiske eigneskapar.
Frukost-TV
Mah-Rukh debuterte i dag tidlig som nyheitsanker i Frukost-TV, og skal i tillegg vere anker i timesnyheitene på NRK1.
- Eg starta i NRK Dagsnytt i 2003, og kom til Dagsrevyen som reporter i fjor haust. Tidlegare har eg mellom anna jobba i Dagbladet og Klassekampen, kommenterer Mah-Rukh Ali til vg.no.