Volda-student haika til Kina – fekk dokumentar på TV2

Den tidlegare Volda-studenten Matias Nordahl Carlsen (25) og kompisen Espen la sommaren 2005 ut på ein haiketur til Kina. Resultatet er ein 50 minutt lang dokumentar, ”Til Kina uten penger”, som gjekk på TV2 onsdag kveld.

Nordahl Carlsen studerte journalistikk i Volda fram til våren 2005, før han la ut på den lille reisa saman med kompisen Espen Aarsvold (32).

Heilt utan pengar stilte dei to kameratane seg opp på motorvegen i Oslo i slutten av juni. To månader seinare kryssa dei grensa mellom Pakistan og Kina.

- Det var ein gamal draum eg hadde, som eg fortalde Matias om på eit nachspiel for lenge sidan. Det har teke lang tid, men det var absolutt verdt det, seier Aarsvold til VG Nett.

Over 90 timar med råmateriale har blitt klippa ned til eit høveleg format. Men før turen var dei i tvil om dei skulle filme turen, i frykt for å skape distanse til dei folka dei kom til å møte.

- Men det er jo eit fantastisk minne for gamleheimen, uttalar Nordahl Carlsen til nettavisa.

Du kan lese meir om turen på heimesida deira.

nordahl_carlsen520_1

 

Haiking i Kroatia. 

nordahl_carlsen520_2

 

På Oslo S før reisa.

Del på: