Volda-film på barne-tv måndag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

a87608d928027ab33765ec92650e74f86bd1319c

Høydal fjernsynsproduksjon AS står bak produksjonen, støtta av Høgskulen i Volda, med midlar frå Forskingsrådet og Nynorsksenteret.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Meir nynorsk enn berre programleiarane

– Det er viktig for nynorsken at det ikkje blir berre bokmål på tv. For barn har NRK tradisjonelt hatt svært lite nynorsk og dialekt, sett vekk ifrå nokre programleiarar, seier Steinar Høydal til smp.no.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Animasjonsfilmen «Jakob og Neikob» er basert på ei bok av Kari Stai som handlar om to motpolar. Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei. Slikt vert det sambuartrøbbel og gode idear av.

Utgitt i "Les for meg!"

Historia om Jakob og Neikob er òg med i antologien «Les for meg!» som er ei samling nyare nynorske tekstar som er samla saman og utgitt av Nynorsksenteret og Det Norske Samlaget. I 2008 blei den gitt i gåve til alle barnehagane og fyrsteklassane i landet, skriv smp.no.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Martine Grande har regi og animasjon for filmen, og har arbeidd med den i eit halvår. Filmen er ein del av forskingsprosjektet «Høyr og sjå» som dreier seg om audiovisuell språkstimulering i barnehagen og tidleg skulealder.

Spel på nynorsk

Som ein del av prosjektet har Høydal fjernsynsproduksjon også laga eit dataspel på nynorsk. 

I tillegg er det publisert eit nettspel som ei interaktiv nettside på www.nynorsksenteret.noda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b – eit nettspel for barn som skal stimulere språkforståinga.

– Målet er produsere fleire spel og meir film på nynorsk. Vi har jobba med dette i to år og det er no etablert eit miljø for nynorsk fjernsyn-, film- og spelproduksjon i Volda, seier han til smp.no.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på