Volda-animasjon i Annecy og på Cuba

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av Avdeling for mediefag

2072278f8cff45d17d4c747c1ab1ac590722fd69

Både Annecy-festivalen og den internasjonale animasjonsfilmorganisasjonen ASIFA fyller 50 år i Annecy da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b denne veka.  Filmen 'Joy' er ein hyllest til ASIFA gjennom 50 år og handlar om glede, dialog og internasjonalt samarbeid. Filmen er Noreg sitt bidrag i eit program med slike filmar laga av born frå heile verda.

2 norske filmar er med i hovudkonkurransen i Annecy. Tidlegare Voldastudent Anita Killi sin 'Sinna mann' vinn no prisar på festivalar over heile verda og er også favoritt i Annecy.  'Kråkebollebilly' som Mikrofilm har laga for Høyr og Sjå!-prosjektet ved HVO visast i konkurransen for beste oppdragsfilm.

I førre veke gjesta og Gunnar Strøm og Andres Mänd frå animasjonsutdanninga den cubanske filminstitusjonen CIAIC og animasjonsfilmfestivalen  Cubanima i Havanna.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Dette var ein gjenvisitt etter at Esther Hirzel og Arlene Comas frå CIAIC vitja Volda og AnimationVolda i september.  Mänd og Strøm presenterte og viste filmar frå animasjonsutdanninga i Volda og eit eige program med norsk animasjon.  Strøm hadde forelesningar om animasjon i dokumentarfilm og musikkvideo og begge deltok i paneldebattar.

Samarbeidet med cubanerne er kome i stand etter eit initiativ frå den norske ambassaden i Havanna.  Ambassaden var svært aktive under heile festivalen og det blir no arbeidd med å utvikle samarbeidet med cubanarane vidare i form av student og lærarutveksling.   

Andres Mänd sat og i juryen under festivalen saman med animatørar frå Chile, Trinidad og Cuba. Einaste norske film i konkurransen var Volda-filmen 'Saiva' av Tuva Synnevåg. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b Denne gjorde djupt inntrykk og hadde truleg vunne pris om ikkje læraren hadde vore med i juryen. 'Saiva får ein ny sjanse på Kortfilmfestivalen i Grimstad i neste veke...

Del på