Tilbake til Volda med statsministeren
Då ho var student ved Avdeling for mediefag på byrjinga av 90-talet, møtte ho ektemannen sin Tore Buvarp. Han er produsent for Oljeberget, som har fått glimrande omtale.
Saman driv dei produksjonsselskapet Fenris Film i Oslo.
Nordmørsjenta Aslaug Holm har regissert ti filmar og vore fotograf på nærare 40. Ho var hovudfotograf og klippar på dokumentarsuksessen Heftig og begeistret, noko ho fekk Filmforbundet sin fagpris for.
I dag er ho altså tilbake i Volda der filmkarrieren starta, for å undervise og for å vise den siste filmen sin.
Les meir om Oljeberget