Tidlegare Volda-student vann kronikk-konkurranse i Aftenposten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kronikken er ein engasjert kritikk av dei nyhendekriteria ein finn i dag, og går under tittelen ”Oppskrift på en nyhet”.

- Både første- og andreplassvinnaren er tekstar med brodd, personleg haldning, og eiga erfaring, seier debatt- og kronikkredaktør Knut Olav Åmås. Han har lese alle dei 330 innkomne bidraga, og kan fortelje at dei tre vinnartekstane skil seg ut ved at dei kombinerer skriveevne med ein bodskap, og ein vilje til å endre noko, anten det er politikken eller tankane i folks hovud, og at dei har ein viss originalitet.

I artikkelen går Ander inn på kva det er ho meiner vert lagt til grunn for kva som er ei nyhende i dag, og stiller opp fem punkt som vesentlege: 1) Ei rykande fersk nyhende. 2) Tre knivsoddar nærleik. 3) Ein tydeleg konflikt. 4) To dosar polarisering. 5) Så mange kjendisar som mogleg.

Du kan lese heile kronikken her.

silje520

Silje M. B. Ander.

Del på