Tidlegare journaliststudent fekk prestisjetung pris
VG-journalistane Maria Mikkelsen og Synnøve Åsebø har fått tildelt den store journalistprisen 2015 og 100 000 kroner i premie. Prisen vart delt ut av Harald Stanghelle, juryleiar og til vanleg politisk redaktør i Aftenposten. Mikkelsen er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda.

Dei to VG-journalistane vann prisen for saka om den 13 år gamle Odin som vart mobba på skulen. Han tok livet sitt i mars i fjor.
Det siste Odin Olsen Andersgård gjorde var å skrive ein lapp. Der stod det: «Det hjelper ikke å si ifra, de gjør ikke noe uansett».
Saka skapte mykje debatt. Les den prisvinnande historia her.
Maria Mikkelsen (til venstre) kjem frå Drag i Tysfjord kommune, og ho har jobba for VG sidan 2012. Ho har journalistutdanning frå Høgskulen i Volda, og har tidligare jobba for NRK Dagsnytt og vore redaktør for NuorajTV. Foto: Gaute Zakariassen, NRK.
Harald Stanghelle i Norsk redaktørforening begrunna prisen slik:
– Historia om Odin skapte bevegelse. Den skapte engasjement. Hos unge. Hos eldre. Hos samfunnseliten. Den vart resonansbotn for nyttårstalane til både konge og statsminister. Minst 27 fakkeltog vart arrangert i vekene etter publiseringa, frå Kirkenes til Kristiansand og «Odinstiftelsen» er oppretta.
Les meir om media i Volda her.