Svensk perspektiv på digital journalistikk, deltaking og mediebruk

Måndag 18. april kan du få sniktitte på høgdepunkt frå den svenske medieutgreiinga, når dosent Oscar Westlund held ei ope forelesing ved Høgskulen i Volda.

Oscar Westlund, dosent ved Institutionen för journalistik, medier och kommunikation ved Gøteborgs Universitet, kjem til Høgskulen i Volda for å halde ei forelesing om «Journalistik, deltagande och medieanvändning i en tid av digital plattformisering».

Westlund er medlem i den svenske medieutgreiinga, som skal levere sin rapport i oktober 2016. Mandatet til utgreiinga er å analysere det svenske medielandskapet og komme med anbefalingar for framtidas mediepolitikk. Innhaldet i forelesinga hans er henta frå arbeidet med medieutgreiinga, og frå ein rykande fersk forskingsantologi som vert lansert i Gøteborg torsdag 7. april.

Forelesinga på BK159 Vesle auditorium måndag 18. april kl. 10.15 – 12.00 er open for alle.

Les meir om medieutgreiinga: www.medieutredningen.se

Sjå bloggen til Oscar Westlund: http://oscarwestlund.com/

Del på: