Styret for dokfilmfestivalen er på plass

Styret for Den Norske dokumentarfilmfestivalen 2009 er sett saman av studentar frå fordjupingsstudiet i fjernsynsreportasje og dokumentar, bachelorgradsstudiet i media, IKT og design og bachelorgradsstudiet i journalistikk. – Vi fokuserer sjølvsagt på norsk dokumentarfilm, men vil også ha med nokre godbitar frå andre land, fortel Susann Østigaard, festivalsjef for 2009.

248549ceeffbbe9e2519a6e80dfc63a1c0b8b8f5
Det nye dokfilmstyret. Festivalsjef Susann Østigaard bakerst i midten.

– Festivalen vil også ha eit eige barnedokumentarprogram, noko som vi håpar vi fenge familiar med barn.

Festival for alle

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2009 vert avvikla frå 21.-26. april.

– Samfunnshuset i Volda har vore vår faste arena, og dit håpar vi mange lokale innbyggarar finn vegen også i år, seier festvalsjefen.  I tillegg vil vi ha arrangement mellom anna i parken, ved høgskulen og på studenthuset Rokken.

Festivalen skal ikkje berre vere for folk som likar ” smale og sære ” filmar. Det vert lagt vekt på å presentere eit breitt spekter av filmar i ulike kategoriar. I tillegg vert det andre arrangement med leik og moro både for liten og stor.

Leitar etter økonomisjef

Det nye styret oppmodar fleire studentar om å ta kontakt for å vere med på moroa.

– Vi treng fleire ansvarlege studentar som vil hjelpe med kafé, overnatting, gjestar og folkefesten.

– No er vi spesielt på jakt etter ein ryddig student som vil vere økonomiansvarleg, seier festivalsjefen.  Vi må ha nokon som kan halde orden i sysakene våre, synleggjere kostnader og føre rekneskap. Dersom nokon føler kallet, kan ein ta kontakt på e-post [email protected] eller på telefon til 915 57 849.

 

Del på: