Studietida kan ikkje overvurderast

Mah-Rukh Ali [26] fekk tilbod om den ettertrakta jobben som nyheitsanker i TV2 si storsatsing Nyhetskanalen. Ho er tidlegare journalistikkstudent ved Høgskulen med fjernsynsjournalistikk som studiespesialisering, og ser på studietida i Volda som ei god investering for framtida.

Trass i ung alder vart Mah-Rukh Ali oppringt av TV2, med tilbod om jobb som nyheitsanker.

– Eg arbeidde først for NRK Dagsrevyen då eg fekk telefon frå TV2. Dei skulle starte opp ein heilt ny kanal, og spurte om eg var interessert, fortel den ettertrakta journalisten.

Mah-Rukh Ali ser på studietida som ei god invistering for framtida (Foto: TV2).

 

Anbefalar Volda
Å velje utdanning var eit enkelt val. Berre 18 år gamal søkte ho sommarvikariat i Aftenposten Aften, og det vart den første erfaringa i ei mediebedrift. Seinare søkte ho sommarvikariat i Dagbladet, for deretter å starte journalistikkutdanninga her i Volda.

– I Volda møtte eg eit godt fagleg miljø, og ikkje minst eit fantastisk studiemiljø! Det er ein vakker studieplass med ein unik natur – det beste av Vestlandet. Eg har mange gode minne frå ei flott studietid. Eg fekk faglege journalistisk-inputs, og møtte mange dyktige forelesarar. Studietida var ei unik moglegheit til å praktisere. I Volda er det mykje bra og nytt utstyr, og som student får ein utfalde seg. Eg lærte mykje av mine medstudentar, mykje fordi vi var interesserte i det same.

Anbefaler gjerne å studere i Volda
– Studietida er noko eg alltid vil ha med meg, og fleire seier det same. Eg har mange kollegaer som har studert i Volda, og det kan ikkje overvurderast. Som mediestudent lærer ein norsk presse å kjenne på ein annan måte, og det gir gode jobbmoglegheiter vidare. Utdanninga gir ein teoretisk innfallsvinkel og eit innblikk i korleis verkelegheita er.


På direkten: I Nyhetskanalen arbeider Mah-Rukh Ali saman med den erfarne Terje Svabø (Foto: TV2)

 Fordel med utdanning
Ali er fornøgd med utdanninga, men presiserar at journalistikkutdanning ikkje er nødvendig for å bli ein god journalist.

– Det er ein fordel med utdanning uansett, fordi ein treff andre med same interesse, og ein har ei unik sjanse til å bli kjent i eit godt studentmiljø. Det er ein fordel å ha tatt journalistikkutdanning, og eg er glad at eg har utdanning, men det er øving som gjer deg til ein god journalist. Gjennom studiet får ein sjansen til å få praksisplass i ei medieverksemd, noko som gir kjennskap til det faglege miljøet. Her får praksis og teoretiske innfallsvinklar møtast på ein heilt annan måte. Studiet har gitt meg ei verktøykasse, som gir hjelp til å måle, vege og sjå ting utanfrå. Som student fekk eg ta del i Nærsynet, og detvarkjempestas at folk såg på. Eg har fått eit teoretisk grunnlag til å vurdere norsk presse, samstundes som studiet opna for å kunne praktisere.Det er svært kjekt å vere student!

Mah-Rukh Ali trur at medieyrka alltid vil eksistere, og synes det er spennande utfordringar for framtida.

– Den siste tida har vi sett ein tendens til nisjekanalar, mykje nettpublisering og nyheiter, og det er konkurranse om å vere først ute. Eg trur det er stor sjanse for at media blir enda meir spesialiserte. Det er ei spennande tid for norsk presse med beinhard konkurranse, men det har det alltid vore.

Skaff deg praksis!
Til mediestudentar og kommande journalistar har ho følgjande råd:

– Arbeidserfaring er gull verdt! Det er øving som gjer deg til ein god journalist. Søk på sommarjobbar i norske medieverksemder og praksis som du er interessert i. Ved sida av studiet i Volda arbeidde eg i Dagsnytt, og pendla mellom Volda og Oslo for å ta vakter. Eg hadde også andre småvikariat. Det er gøy å vere student, og ei unik moglegheit til å praktisere. Det er alltid rom for dyktige studentar og praksis er viktig, så søk jobb! Mange kvir seg og trur dei treng meir utdanning, men den beste måten å lære på er å praktisere.

Mah-Rukh Ali vil halde fram som nyheitsanker i Nyhetskanalen framover.

– No arbeider eg i TV2, så får eg sjå kva som skjer vidare. Eg trivst svært godt, avsluttar ho.

Del på: