Studentprosjekt på oppdrag frå maritim bransje
Sisteårsstudentar på informasjon og medieutdanninga har vore involvert i prosjekt knytte til maritim bransje på Sunnmøre. Oppdragsgivarar har vore Ulstein Group, Rolls Royce, Norwegian Centre of Expertice/Maritime og VRI. VRI-programmet er Noregs forskingsråds hovudsatsing på forsking og innovasjon i norske regionar, og er ein sentral aktør i samarbeidet mellom høgskulen og eksterne oppdragsgjevarar. Studentprosjekta har hatt økonomisk støtte gjennom VRI-midlar.
Viktig samarbeid
Høgskulelektor Jens Standal Groven, har vore engasjert i VRI i omlag eit år, og har arbeida med ulike prosjekt retta mot maritim sektor. Han er no inne i eit prosjekt som skal kartlegge medieomtalen når det gjeld den maritime klynga på Sunnmøre, eit prosjektsamarbeid mellom VRI, NCE og Høgskulen i Volda.
– Sisteårsstudentane har vore involvert i ulike prosjekt på oppdrag frå maritim bransje gjennom dette samarbeidet. Nokre har kartlagt og koda over 2000 artiklar i dei største norske papiravisene. Ei anna studentgruppe har arbeidd med meir konkrete tiltak som Ulstein Group sitt nye museum og opplevelsessenter og Rolls-Royce sitt europeiske opplæringssenter, medan ei gruppe har utarbeida tiltak for "Sunnmøre i framtida", seier Jens Standal Groven.
Denne studentgruppa gjennomførte ei pilotundersøking på korleis nasjonale media dekkjer den maritime klynga på Sunnmøre. Frå venstre: Lone Øverås Domaas, Veronica Ljosheim, Henriette Skådinn, Mari Rustad Egge, Kurt Wilhelm Vadset og Sølve Tafjord
Eit viktig mål for studentprosjekta har vore å legge grunnlaget for vidare forsking på dei ulike tema, og bidra til å utvikle grunnlaget for ein informasjons- og mediestrategi for bedriftene i den maritime klynga.
Gode og relevante resultat
Avdeling for mediefag har i fleire år hatt informasjonsstudentar utplassert i praksis i næringslivet på Sunnmøre.
– VRI-prosjektet har gjort det enklare å utvide dette samarbeidet, sier prosjektleiar for VRI ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord.
– Maritim bransje har i år gitt oss svært verdifulle prosjekt, der studentane har fått god innsikt i utfordringar, prosessar og løysingar for sektoren. Vi ønskjer å utdjupe samarbeidet i framtida. Dette er eit team-arbeid, og sluttresultatet er summen av alle studentprosjekta. Innanfor kva sitt felt er alle relevante for maritim bransje, seier Jan Arne Halvorsen.
Les meir om: Informasjon og medieutdanninga, VRI-prosjektet/VRI Møre og Romsdal og NCE Maritime.