Studentarprosjekt i haike-PR for Grønn Hverdag
Av: Ellen Havåg Bjørlo
Carina leiar ei gruppe tredje års informasjonsstudentar som har fått i oppdrag frå miljøvernorganisasjonen Grønn Hverdag å få volda-studentane meir miljøvenlege.
Dette vil dei gjere ved å få Volda-studentane til å haike meir.
Haiketorget.no
- Det er så enkelt å haike! Ved å gå inn på www.haiketorget.no og registrere deg som brukar, får du oversikt over passasjerar som treng skyss eller bilførarar som treng selskap.
- Og då er det jo berre å slå på tråden til vedkommande! Om det så berre er til polet på Hovdebygda, smiler ho.
Fleire fordelar
Denne nettstaden har eksistert ei god stund, men per i dag er det ikkje registrert nokon reiser frå eller til Volda. Dette syns Carina er rart.
- Volda er jo ikkje akkurat verdas navle, og det er ikkje alltid like enkelt å kome seg fram og tilbake med buss og fly. Dessutan er det jo så sosialt å reise fleire i lag! I tillegg vert det billegare dess fleire som reiser i lag.
Miljøvenlege studentar
Ein annan stor fordel ved slik kameratkøyring er at det sparar miljøet.
- Det er kanskje ikkje så enkelt for ein student å leve miljøvenleg. Dei økologiske produkta er kanskje dyre, og det er vel ikkje alle som har vedomn på hybelen og kompostbinge i hagen.
- Men når tre køyrer i same bil, i staden for at alle tre køyrer kvar sin bil, vert miljøbelastninga som følgje av denne eine transporten, redusert til ein tredjedel.
Stand på Berte Kanutte
Frå klokka 11 i morgon vil det stå framme pc-ar i kantina på Berte Kanutte slik at dei som vil kan registrere seg på www.haiketorget.no.
– Vi håpar studentane vil registrere seg på sida, slik at ein kan få matche volda-studentar og køyrety til det beste for miljøet, avsluttar prosjektleiar Carina Halleraker.
For meir informasjon sjå www.haiketorget.no.