Student-PR

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

5a53cdc7b30f298d551f348a6d82bd51eb6efa20
Styre i PR-studentane. Øverst fra venstre: Benjamin Ulstein, Kristoffer Tangen Gjerde, Lars Vidar Gullestad, Haakon Stensrud, Guro Fjellstad Stensvåg, Helene Lervåg, Emilie Libeck Helgesen, Mari Andersen Rosenberg og Eirin Sørensen Røkke. Foto: Ane Olstad Grasbakken

PR-studentane bytta i januar ut heile styret og har gått gjennom ei fornying av nettstaden og dei sosiale media. Dei er no godt i gang med to nye oppdrag i Volda. Nyskipa leiar, Eirin Sørensen Røkke, fortel at organisasjonen er ein sjølvstendig organisasjon som ikkje formelt representerar Høgskulen i eksterne oppdrag.

– Vi ynskjer å skaffe oss erfaring gjennom å sjølve være kritiske til korleis vi behandlar potensielle oppdrag, og kva forhold vi har til ein oppdragsgivar. Det byr på utfordringar som ikkje berre er knyta direkte til faget, seier Røkke.

Det som for eit år sidan var bakgrunnen for etableringa av PR-studentane er eit ynskje om meir praksis. Røkke fortel også at dei ynskjer å vise seg fram for bransjen og knytte band for framtida. 

– Vi ynskjer å vere så godt forberedt som mogleg den dagen vi går ut av skulen og inn i arbeidslivet, og i vår bransje er erfaring og relevant praksis alt. I tillegg får vi mykje kontaktar i næringslivet regionalt og dannar spanande samarbeid for PR-studentane i framtida, seier Røkke.

PR-studentane er endå i ei etableringsfase der dei  har eksterne oppdrag samstundes som dei jobbar med eiga profilering. 


– No skal vi parallelt med dei to prosjekta få ferdig det meste som har med organisasjonen i seg sjølv å gjere fram til sommaren.  Det gjeld å få på plass strukturar og få registrert oss i Brønnøysundregisteret. Samstundes er vi i ein prosess der vi håpar å få til eit bra samarbeid med Høgskulen, og vi har førebels fått bra tilbakemeldingar. Over sommaren ynskjer vi å være klare for å kunne ta inn nye medlemmar, seier Røkke.

Fylg gjerne PR-studentane på Facebook og Twitter (@PRstudentane)

Del på