Strategisk design presenterte DEEP og FJORD
Det tradisjonelle vatnet til Brænne mineralvatn kan verte lansert på den internasjonale marknaden med namnet DEEP eller FJORD - to konsept som studentar ved Strategisk design lanserte for presse, oppdraggjevarar og nysgjerrige frammøtte ved Høgskulen i Volda i går.
Internasjonal lansering
Studentane hadde gjort grundig forarbeid før presentasjonen. Dei la marknadsanalysar, målgruppegransking, strategiske lanseringsverknader og praktisk designarbeid til grunn for dei nye produkta.
Oppgåva gjekk ut på å lansere det tradisjonelle Fjellbekk-vatnet til Brænne på den internasjonale marknaden.
Bra for Brænne mineralvatn
- Dette er marknadsføringsidear som vi kan ta i bruk. Eg har allereie henta inn prisoverslag frå fire flaskeprodusentar som kan vera med på ei slik lansering, fortel Geir Arne Veglo frå Brænne mineralvatn.
- Studentane presenterte lanseringsløysingar som er realistiske. Dei ser føre seg ei lansering i regionen og dei største byane i Noreg før ei internasjonal satsing, seier Veglo.
- Dette er heilt i tråd med slik vi i Brænne også meinar det er fornuftig å gå.
DEEP down
Det første forslaget til lanseringside var DEEP. DEEP brukte fakta rundt Ivar Aasen-kjelda sitt vatn som marknadsføringstrekk ved sitt produkt. DEEP er reint, kaldt og krystallklart vatn frå Ivar Aasen-kjelda, smelta frå isbrear for over 10 000 år sidan.
FJORD – eit ”scandinavian design”
Gruppa bak FJORD var inspirerte av tradisjonelt skandinavisk design. Dei hadde tidlegare internasjonale suksessar som Arne Jacobsen-design og Ingegerd Råman som inspirasjonskjelde.
FJORD brukte den enkle og klare bodskapen som kunne syne att i ein stor internasjonal marknad.
Strategisk design ved Høgskulen i Volda
- Studentane fekk i oppgåve å kartlegge ein eigna marknad for lanseringa av produktet, fortalde førsteamanuensis Thomas Lewe (bilete) som er ansvarleg for studiet ved Avdeling for mediefag.
- I tillegg la dei fram ein design- og marknadsføringsstrategi der både merkenamnet, flaskedesign, reklamekampanje og andre visuelle element var med.
- Strategisk design er i prinsippet ein fri modul for alle. Strategi, design, engasjement og psykologi viktige nøkkelord, med mål om at studentane skal utarbeide ein kompleks strategi/kampanje for ei mediehending både gjennom analyse og praktisk arbeid, fortel Lewe. Dei jobbar i prosjektgrupper der dei fordeler ansvarsområdar mellom seg.
- Strategisk design gjev 15 studiepoeng og er undervist på engelsk. Dette gir rom også for fleire internasjonale studentar – noko som gir eit spesielt godt og kreativt miljø, seier Thomas Lewe.