Sirkus Bremanger - MID sin største eventproduksjon så langt

Bachelorstudentane på Media, IKT og design har ansvaret for fleirkameraproduksjon av Sirkus Bremanger. Det store arrangementet fyller Bremangerhallen med 1100 gjestar, eit produksjonsteam på 100 og eit over to timar langt show med alt frå lokale revyinnslag, verdskjente kokkelag og større musikalnummer.

Tekst, foto go video frå Midlabs.no da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b
Midlabs.no er ei sandkasse for prosjekt i Media, IKT og designstudiet ved Høgskolen i Volda.

– I skrivande stund er halvparten av 2.klasse Media, IKT og Design (MID) i Bremanger, der prøvene er i gong fram mot årets happening på Bremangerlandet, eller skal vi seie Vestlandet?

Slik melder studentar og tilsette som er involverte i produksjonen.

Fleirkameraproduksjon i HD

Avstanden til scena vert lang og for å sikre ei god oppleving for dei langt bak i salen, er det leigd inn to fire-meter stor skjermar på kvar side av scena, som MID-studentane skal levere bilete til. Lyd og Lyspartner i Ålesund stiller med det tekniske for lyd og lys, medan vi har regi på bilde.
Eit oversiktsbilete av hallen, midtvegs i rigginga:


Til dette prosjektet har produksjonslinja vår teke steget over på HD, samstundes som vi har investert i og lånt utstyr, som kamerakran og kamerastativ på hjul, som aukar den visuelle og estetiske kvaliteten på det vi kan levere.

Alle studentane har sine roller

Studentane er organisert i ulike roller knytt til fleirkameraproduksjon, leia av produksjonslederane Jenny Vikki Jærn og Magnus S. Jacobsen.

– Det er ein engasjert gjeng der alle tek oppdraget på alvor og står på for å få løyst alle flokar, skriv dei på Midlabs.no. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

– I så store produksjonar dukkar det alltid opp flokar, men vi er ved godt mot og gler oss til å kunne vere med på å lage eit heftig show, skriv dei.

– Leiinga for Sirkus Bremanger tek godt vare på oss her i Bremanger, vi bur flott i nyoppussa rorbuer, vi køyrer limosin (denne her faktiskda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b) til og frå arbeid.

Målet for Sirkus Bremanger er at folk skal snakke om det i lang tid som ei stor hending, og vi på Media, IKT og Design er glade for å få høve til å vere med på å sikre at akkurat det skjer, melder høgskulelærar Torbjørn Frantsen.

Her er nokre bilete, tekne av student Tanja Anett Thunem:


DSC_0095-300x199

Oddbjørn perfeksjonerer krankøyringa.
Vi er veldig happy med utsnitta, bevegelsane vi får til med den nye krana.

DSC_0097-300x199

Nærbilete frå scenekanten

DSC_0105-300x199

Og frå kontrollromet styrer Lars Nikolay og Ingrid showet.

DSC_0072-300x199

Dei to store bakprosjekterte skjermane er endelig på plass,
noko forsinka. Men snart er vi klar for fullskala test!

Del på: