Praksis ved Storm studios
I åtte veker har Ole Olsen Bolsønes vore utplassert ved Storm studios i Oslo, og prøvd seg innanfor medieproduksjon.
- Eg tok initiativ til dialog med Storm studios ved å ringe. Eg kjenner til ein som arbeider der og tok kontakt. Ved å velje emnet Produksjon og praksis i medie- og kulturformidling, opna eg moglegheita for praksisutplassering.
På eige initiativ tok Ole Olsen Bolsønes kontakt
med Storm studios å skaffa seg praksisplass.
Fekk prøve seg
Utdanninga i kunst og handverk er eit 3-årig bachelorgradsløp der kunst og handverk er fordjupingsfaget. Ein har høve til å velje mellom tre ulike løp, der dei to første er skuleretta og det siste har fokuset på studenten si kunstnariske eigenutvikling.
Ole valte å søke på emnet Produksjon og praksis i medie- og kulturformidling. Studietkrev at du frå før har 60 studiepoeng medie- eller kulturfag, og gir kompetanse innan prosjektutvikling og produksjonsarbeid i medie- og kulturformidling. Den eksterne praksisen skal mellom anna gikunnskap om aktuelle yrkesroller, gjennom å utvikle og gjennomføre eit større praktisk samarbeidsprosjekt.
- I praksis fekk eg prøve mykje. Eg har fått modellert, teksturert og animert med 3D-programmet Maya. Eg fekk spesielt vere med på eit barnefilm-prosjekt. Eg satt ikkje på sidelinja, men fekk vere ein del av prosjekta. Eg var involvert i produksjon av reklamefilm og fekk hjelpe til på settet til ein stor spelefilm. Eg fekk god oppfølging og synes eg har lært mykje, fortel Ole.
Gode tilbakemeldingar
Ole blir ferdig med si bachelorgrad til sommaren, men har planar om å studere meir.
- Eg vil ta eit år med digitaltarbeid. Truleg vil det bli i utlandet, og eg vil sikte det inn mot ei mastergrad. Det har vore planen min i nokre år, og derfor forsøkte eg å skaffe meg praksis ved Storm studios. Eg har vore heldig som har fått sjansen. Eg fekk gode tilbakemeldingar og var også ein ressurs dei kunne nytte. Dei var interessert i å høyre meir frå meg etter enda utdanning, og det er svært positivt. Eg hadde lite erfaring med det arbeidet eg vart satt til å gjere, men eg fekk utfordringa og dei var flinke og villige til å rettleie. Eg lærte mykje av dei erfarne fagfolka.
Storm studios har mange spennande prosjekt på gang. Det store gjennombrotet kom med Oscarprisen for beste animerte kortfilm ”Peter og Ulven” i februar.
- Storm vart lagt merke til med denne Oscarprisen og filmen ”Slipp Jimmy fri”, som begge er viktige bidrag til at Storm er blitt eit etablert animasjonsselskap, seier Ole.
Sjølv kan han tenkje seg å arbeide for Storm studios ein gong i framtida. Kva som er drømmejobben veit han ikkje, men truleg blir det innan medieproduksjon.