PR-student bloggar frå ekstern praksis i SAS
– I morgon skal eg til Bergen for å gjere eit intervju, og tek like godt ei natt der også. Helt i orden, skriv ho på PRiVolda.no - studentbloggen til PR-studentane.
PRiVolda.no er ein blogg av studenter ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda.
– Eg blir sett til mykje teknisk, bortsett frå innspel i møte og kampanjar. Og det passar meg fint. Med ei bacheloroppgåve hengande over deg, så er det greit at kvardagen ikkje er verdens mest hektiske, skriv Lina i bloggen.
Det 3-årige studiet utdannar kommunikasjonsfolk til ein veksande bransje i Noreg, og har vore ettertrakta hjå ulike verksemder både i privat, offentleg og friviljug sektor.
Gode erfaringar med praksisstudentar frå Volda
– Vi ønskjer tilsette med kompetanse i kommunikasjonsfaget, sosial intelligens og gjennomføringsevne. Det har studentane frå Volda, kommenterer kommunikasjonsrådgjevar Dag Gjærum i Utrykningspolitiet. Han seier han har positive erfaringar med studentar frå Volda.
Frå Volda er der no praksisstudentar i industri, næringsverksemd, friviljuge organisasjonar, PR-byrå, mediehus, m.m.
Fleire av dei presentere seg og arbeidet sitt på Kommunikasjonsdagen 2011, som Norsk Kommunikasjonsforening held den 13. april i Oslo.
- Les meir om arbeidet på PR-studiet i Volda på førsteårsstudentane sin praksisportal Praksis.PRiVolda.no
- Les meir om bachelorgradstudiet i studiekatalogen