Nyskaping innan tv- og videojournalistikk: Ekstrem forsking

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

efea5736fa479a33ee1643c193511ea1a29a0965

Forskingsprosjektet Hypernytt

– Vi ser på korleis såkalla klikkbar video kan nyttast til journalistikk, forklarer Aam. Klikkbar video, også kalla hypervideo, gjer det mogleg å plassere lenker på videobilete akkurat som lenker i tekst som er vanleg på internett. Desse lenkene leier til utfyllande informasjon om det reportasjen handlar om. Lenkene kan gå til andre videoar, ulike nettsider, kart, bilete eller anna.

– Ei vanleg nyhendereportasje på Dagsrevyen eller TV 2 er kanskje eitt og eitt halvt minutt lang og har lite plass til informasjon, lenkene gjer det mogleg å gi publikum mykje meir informasjon om ei sak, seier Aam. Tanken er at journalistar som jobbar med video slik skal ha sjanse til å lage saker meir fleire nyansar og meir innhald enn dagens korte videonyhendereportasjar på tv og nettaviser.

– Må tenke annleis


ab5ae4965f9aacf50dd4e5630d23b3c32ce1be6a

Marit Stensby (på bilete over) er ein av studentane frå Volda som er på Voss. Ho har brukt mesteparten av tida på å lage stoff om ein type konkurranse innan fallskjermhopping som heiter Freefly. Der konkurrerer hopparane i lag og kunsten er å danne formasjonar i lufta.

– Ein må tenke meir djupne enn vanleg, seier Marit, som mellom anna har jobba med videonyhende i VGTV før ho begynte å studere tv-reportasje og dokumentarfilm i Volda.

– Publikum kan gå lenger inn i sakene og utforske eit tema, derfor kan dei ha meir detaljar enn ei vanleg tv-sak på eitt minutt og tretti sekund, held ho fram. Til hennar hovudsak om fallskjermhopping laga ho seks tilleggsvideoar som gir meir informasjon om ulike sider ved konkurransen ho dekte. Alle videoane blir kopla til hovudsaka gjennom lenker som dukkar opp utover i hovudsaka.

a35372172fc9b6e46642fcdd9dc116a9ee7d1c19


Ekstremsport som ramme

Forskarane har valt å legge Hypernytt-prosjektet til Voss og Ekstremsportveko av fleire grunnar.
– Kjetil Vaage Øie hadde eit liknande opplegg om mobiljournalistikk i fjor som var ein stor suksess, i fjølge Aam. For det første gir ein slik festival eit stort stofftilfang når vi skal lage videosaker, for det andre er det mange menneske vi kan teste teknologien vår ut på her på Voss under Veko.

Dei fire studentane som er med har vore journalistar og fotografar/redigerarar og laga saker som så blir testa ut på utvalde brukarar.

3ff7c392b8a02d4509a7de750f4f9896836e8767

– Det hadde vore umogleg å gjennomføre denne forskinga utan studentane, seier Pål Aam. Vi har med studentar frå både journalistikk- og dokumentarfilmutdanninga og dei lager reportasjar av heilproff kvalitet, det gjer forskinga og utprøvinga svært realistisk.
Resultata frå forskinga skal Aam bruke i si Phd-avhandling, som handlar om akkurat klikkbar video og journalistikk og er ein del av JOSAM-prosjektet ved Høgskulen i Volda. Forskinga på Voss er støtta av Rådet for anvendt medieforsking og også av Høgskulen gjennom såkalla små driftsmiddel.

Samarbeid gir styrke

Forskingsopplegget på Voss er eit samarbeid mellom både to ulike avdelingar på Høgskulen og mellom Høgskulen og Universitetet i Bergen. Stipendiat Pål Aam ser berre fordelar i dette.

– Eg og Kjetil er stipendiatar på kvar vår avdeling i Volda, men prøver å hjelpe kvarandre og samarbeide til beste for begge. Vi har også felles rettleiar i forskar og fyrsteamanuensis Lars Nyre på Universitetet i Bergen og han er også med oss på Voss. Vi har også samarbeida tett med forskar Ana Laws på Institutt for informasjons- og medievitenskap som har stått for den tekniske løysinga vår. Alt i alt har mange krefter gått saman for å få til eit best mogleg prosjekt.

Fyrsteamanuensis Lars Nyre frå Universitetet i Bergen har drive med denne type praktisk medieforsking heilt sidan 2005. Han har vore drivkraft i forskingsgruppa Demostasjon som har medlemmer frå Universitetet i Bergen og frå Høgskulen i Volda.

– Det er kjempespennande å lage eit nytt medium heilt frå botn av seier Nyre. Ny digitalteknologi gjer dette mogleg på ein heilt annan måte enn før. Det å først lage ny medieteknologi, så produsere innhald for den for så til slutt å teste dette på brukarar er ein måte å forske på som er innom mange ledd og gir djup innsikt.

a35baf48f90460837d1943c42fce85473a0ad9f2

Del på