Ny bok om Kollektivet
Av: Hanne Marie Molde
I fjor haust kom fyrste samlebok om gjengen i Kollektivet i ”Masse pils og litt pizza”. No er oppfylgjaren å få kjøpt i bokhandlarane. Den andre samleboka om Kollektivet fortset der den fyrste boka slutta, og me fylgjer den viltre gjengen sine aktivitetar i kronologiske rekkjefølgje gjennom 176 sider. Gjennom boka visar Lien at teikneserie ofte fungerer best i dei lengre historiane. Haner òg flink å gje mykje bakgrunnsstoff om ein del av stripene.
Torbjørn Lien sin teikneserie Kollektivet er kjent frå Pondus, M og Larsons gale verden, og serien er også dagleg teikneseriestripe i Aftenposten. Lien og Kollektivet hadde jubileum i oktober då bladet Larsons Gale Verden trykka stripe nummer 1000 med Kollektivet.