MID-studentar frå HVO lagar vev-TV for World Cup i skiflyging

Åtte MID-studentar (Media, IKT, og design) og tre journalistar frå Høgskulen i Volda er no på plass i Vikersund og har full produksjon av vev-TV for verdscupen i skiflyging. Ansvarleg for produksjonen, student Jonas Christiansen, seier det går svært bra, og at han får mykje bruk for kunnskapane frå studiet ved HVO.

kamera_situasjon

Steffen Brandtzæg og Jonas Christiansen (til høgre) intervjuar og lagar vev-TV for arrangørane av verdscupen i skiflyging i Vikersund, som går føre seg nett no. Christiansen er prosjektleiar, og skal skrive bacheloroppgåve om denne produksjonen.

- Dette går svært bra, og det er full fart heile tida, seier Christiansen på telefon frå Vikersund.

- Kva for utfordringar har de hatt så langt?

- Den første dagen mangla vi journalistar, så vi som er teknikarar måtte steppe inn framfor kamera. Men det gjekk greitt det.

Journalistane var på plass i går, og då fekk ein produsert mange gode saker, fortel Christiansen.

På denne lenkja kan du sjå produksjonen deira.

- Vi har hatt litt småproblem med serveren, og det kan verke som heile sida er litt overbelasta. Vi har hatt opp mot 1700 treff på sida vår, så eg trur folk byrjar å verte klar over den, seier Christiansen.

MID-studentar520

MID-studentar frå Høgskulen i Volda er på plass i Vikersund for å lage vev-TV frå verdscupen i skiflyging.

Drar stor nytte av kunnskapar frå MID-studiet

- Kva for kunnskapar drar du nytte av frå MID-studiet?

- Først og fremst dette med videoredigering og vevpublisering. Det reint tekniske. Og som koordinator og organisator drar eg mykje nytte av at vi har hatt liknande prosjekt tidlegare på studiet i Volda.

Christiansen siktar særskilt til eit Lego-arrangement i Gjøvik, som er ei årleg øving i fleirkameraproduksjon og live streaming på nett for MID-studentane.

- Det vi lærte der kjem til nytte no, seier Christiansen.

- Føler du at du har kontroll?

- Eg føler at veldig mykje gjekk bra i går, så eg har ei god kjensle.

- Den neste utfordringa vi står overfor no, er i morgon. Då skal visstnok gardistar øve i rommet ved sidan av der vi sit og redigerer og les inn voiceoveren. Då får vi ei utfordring. Fram til no har vi hatt ganske rolege arbeidshøve, men no ser det ut til at det vert meir og meir folk, og konsertarrangement og det heile, seier Christiansen.

Les meir om MID-studiet.

Les meir om Jonas Christiansen.

Del på: