MID-student gjer bacheloroppgåve ut av verdscup i skiflyging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I ettermiddag reiser åtte MID-studentar og eit lass med video- og datautstyr til Vikersund for å lage vev-tv frå verdscupen i skiflyging. På vegen skal dei òg møte tre journalist-studentar frå Høgskulen i Volda, som skal vere framfor kamera og ta tempen på stemninga blant hoppentusiastane.

- Vi skal prøve å finne ut korleis ein lagar bra vev-tv, spesielt med tanke på det å ha lite tid og ressursar til rådevelde. Målet er å slå dei store nettavisene til VG og Dagbladet på kvalitet, seier Christiansen.

- Det er kanskje ei litt dristig målsetjing, men det er viktig å ha noko å strekkje seg etter, legg han til.

Ein av journaliststudentane er tysk, og difor kjem ein til ha sendingar på det tyske språket òg.

- Tyskarane er jo kjempeinteressert i hopp, poengterer Christiansen.

- Kva kjem til å verte den største utfordringa i dette prosjektet?

- Det er at ting kjem til å gå snøgt og feilfritt. Vi har eit mål om at det skal vere så lite dødtid som mogleg frå opptaket skjer, til det ligg ute på nett. Det er også ei utfordring i at det tekniske fungerer, og dette med ver og vind, men det er faktorar ein ikkje heilt kan styre.

- I tillegg vert det òg ei utfordring å samarbeide med journalistane. Vi har ikkje møtt dei endå nemleg, seier Christiansen.

- Men kvifor tok arrangørane kontakt med akkurat Høgskulen i Volda?

- Eg trur det har mykje å gjere med informasjonsstudent Geir Holen, som er pressesjef ved pressekontoret der nede. Vi fekk eigentleg berre eit skriv lagt ut på Classfronter der vi kunne melde oss på. Men det spørst om Høgskulen i Volda har fått litt ry på seg at det er ein del som kan å lage vev-tv her. Ein har hatt ein del prosjekt her før.

- Korleis er formen? Er du nervøs?

- Tja. Vi har hatt ei intens øvingshelg, og eg følte at mykje vart spikra då. Mange smådetaljar, som serverplass og dette med videokomprimering, har også kome på plass. Så eg føler meg eigentleg klar for å pakke utstyret, sette meg på bussen, og lage vev-tv i morgon, seier Christiansen.

- Korleis vert bachelor-oppgåva?

- No vert det ein del loggføring og vinkling. Men sjølve oppgåva vert ein del oppgåveskriving kombinert med den praktiske produksjonen.

Vev-tv'en vert lenkja til nettportalen til arrangørane av verdscupen i Vikersund.

MID_vev_tv520_1

MID-student Jonas Christiansen ser til at alt er i orden før avreise til Vikersund i ettermiddag. Der skal han ha det overordna ansvaret for at vev-tv-sendingar kjem på nett.

- Vi skal lage stemningsrapportar frå arrangementet, og målet er å slå VGTV og Dagbladet-tv på kvalitet, seier Christiansen.

Del på