Lien ute med nytt nummer av Kollektivet
- Velkjent ukjent - våre kollektivbeboere trer ut av hverdagen, skriv Adressavisen og gir fem av seks poeng.
- Leken humor, skriv Bergens Tidende og gleder seg over Kollektivet.
Opningshistoria handlar om svenskar som reiser i tid frå 2059, og skal attende til 1905 for å stoppe unionsoppløysninga. Harald Fossberg i Adressa skriv at dette er gøyalt tenkt og utført. (Bortsett frå heslig svensk teksting.) - Elles får vi ein del striper, tilbakeblikk på Ronny og Jens' barndom, pastisjar på Star Wars og Ringenes herre, der vi lett kjenner att handlingsmønstera til personane, kommenterer han.
”Tidsmaskinen” er Kollektivet-album nummer 8, og høgskulelærar Torbjørn Lien skriv på sine heimesider at ”Tidsmaskinen” er eit superalbum på 48 sider med mellom anna ei 18 sider lang opningshistorie om korleis våre venner endrar historia sin gang.
Les meir på Kollektivet sine offisielle heimesider