Landbruks- og matministeren utfordra journalistikkstudentane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

187ccf8def0eefa73ad2520df5394f7c

Som eit ledd i at avgangsstudentane ved journalistikkutdanninga mellom anna skal fokusere på landbrukspolitikk i sin interne praksisperiode i haust fekk dei storfint besøk. Det kunne nesten ikkje ha vore meir passande enn at landbruks- og matminister Jon Georg Dale gjesta dei.

– Eg har blitt trena av journalistikkstudentar frå Volda heilt sidan 2003 då eg kom inn i kommunestyret i Volda, men også etter at eg kom til Oslo. Eg har møtt mange som har studert her som har vore på jobb som journalistar i Oslo. Eg tok med meg mykje lærdom frå då eg var lokalpolitikar og vart utfordra av studentane. Då måtte eg vere forberedt, men det var også ein fordel om studentane hadde lest seg opp på førehand. På den måten kan dykk lære mykje om lokalpolitikk. Plag lokalpolitikarane her alt dokke kan, oppmoda Dale.

TO STEG FRAMFOR

Dale, som kjem frå Dalsfjorden i Volda, var ein av dei yngste statsrådane i historia i Noreg da han vart landbruks- og matminister i desember i fjor. Etter 13 år i politikken – og spesielt etter at han kom inn på stortinget – har han fått mykje erfaring med å kome media i forkant. Dale letta ikkje mykje på sløret korleis han arbeider med dette, men hadde ei klar utfordring til studentane.

– Min jobb er å vere eit steg framfor opposisjonen og pressa. Om dykk skal gjere ein solid jobb i arbeidslivet må dykk vere to steg framfor meg igjen. Eg har 150 byråkratar rundt meg, så dykk har ein stor jobb å gjere.

fec9932bd17453726457184243ad7196
Statsråden er vand med å ha søkelyset retta mot seg. Her inspiserer han tv-studioet ved høgskulen.

KONFLIKTLINJER

Innleiingsvis fekk ministeren legge ut om regjeringas landbrukspolitikk og smetta inn ein del sjølvskryt. Men han ga også råd til studentane om korleis dei kan få politiske saker om landbruket på dagsorden. Dale sa rett ut at han sjølv ikkje får medieoppslag utan å vere ueinig med nokon.

– Rådet mitt er å leite etter konfliktlinjene i norsk landbrukspolitikk, sa Dale og lista opp fem områder:

  • Balansen mellom korn- og kraftfôr-prisar
  • Om ein skal ha landbruk i heile landet
  • Forholdet mellom små og store gardsbruk
  • Importvern av norskprodusert mat
  • Matprisar og kven som har ansvaret for dei

  – Eg ville synleggjere desse konfliktlinjene for studentane for at det skal gi dei eit grunnlag for å arbeide med landbruksspørsmål når dei skal ut i praksis. Det er ikkje sikkert eg tener på det på kort sikt, men det er viktig at vi får løfta fram landbrukspolitikken, fortalte Dale etter møtet med studentane.

Møtte leiinga

Ministeren fekk etter timen med studentane ei omvising i redaksjons- og produksjonslokalane til Avdeling for mediefag. Han kjente seg at i både radio- og fjernsynsstudio, der han har vorte intervjua som politikar på eit litt lågare nivå enn i dag.

fd7da3db80a87e874168b9daa8cdd81c
Jon Georg Dale og HVO-rektor Johann Roppen snakka mellom anna om eit nytt mediebygg ved høgskulen.

Dales besøk ved høgskulen vart avslutta med eit møte med høgskulens rektorat, direktør, dekanar og leiarar for Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag. Dei snakka om status for høgskulen i dag og spesielt om det nye bygget for medeiering og formidling som er under planlegging ved høgskulen.

Del på